Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
26.03.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5030457Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 23.02.2023
Ledig stilling
Gulen kommune
Ferievikarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune har behov for ferievikarar ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling barnehagen, sommaren 2023. Perioden det er snakk om er frå midten av juni til midten av august. Skriv i søknaden din kva veker du kan jobbe. Dalsøyra barnehage har avdelingar både på Dalsøyra og i Hovden. I periodar om sommaren vert barnehagetilbodet samla til ei avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring, men andre kan også søkje
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for born og vaksne
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, i PU og i skule og barnehage, vert det stilt krav om godkjent politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg infomasjon. Dersom søkjar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
26.03.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5030457Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 23.02.2023