• Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    18.04.2021
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3469540
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 26.03.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Gulen kommune

Ferievikarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2021 i sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Eininga består av sjukeheim og heimetenester. Eininga har også eige kjøken, vaskeri og reinhaldspersonell.

Søkjarane kan forvente attendemelding i løpet av april.

 

Arbeidsoppgåver

  • Det er behov for søkjarar innan pleie og på sørvisavdelinga (reinhald, kjøken, vaskeri). Søkjarane må skrive kva avdeling dei søkjer om sommarjobb på, samt dersom det er periodar søkjaren ikkje har høve til å jobbe  - ev. andre begrensingar. 

Kvalifikasjonar

  • I stillingar innen pleie og omsorg er det gjerne ynskjeleg med søkjarar som er helsefagarbeidar eller sjukepleiar, men andre er velkomne til å søkje også. 
  • For stillingar på sørvis er det gjerne ynskjeleg med fagbrev som t.d reinhaldar, kokk osv, men andre kan også søkje.
  • Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B.
  • Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    18.04.2021
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3469540
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 26.03.2021