Company
Aukra kommuneApplication deadline
01.05.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5563048Look here for other jobs from Aukra kommune
- Updated 03.02.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Aukra kommune
Ferievikarar 2024
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Pleie og omsorg søkjer ferievikarar til ferieavvikling i perioden 17.06. - 18.08.2024. Vi har behov for vikarar i heimesjukepleie, sjukeheim og buteneste/avlastning. Heimehjelp og dagsenter for eldre heimebuande har òg behov for ferievikarar i sommar.
I heimesjukepleie arbeider du i turnus på dag/kveld og 3. kvar helg. I stilling som vikar for heimehjelp er det dagarbeid. Dagsenteret har vakt på dag/kveld og laurdagar. Det er ein føresetnad at du har sertifikat kl B når du søkjer på stilling i heimesjukepleie og heimehjelp.
Aukra Omsorgssenter (sjukeheim) søkjer ferievikarar som kan jobbe dag, kveld, natt og helg. Fortrinnsvis vil ein tilsette personell under utdanning, men ein ønskjer velkommen dei som kan tenke seg å prøve seg i yrket for å sjå om det kan være aktuelt å ta ei utdanning innan helsefag.
Bergtun Bufellesskap for funksjonshemma og avlastingsbustad for barn søkjer ferievikarar som kan jobbe dag, kveld, natt og helgevakter. Fortrinnsvis vil ein tilsette fagutdanna personell eller personar under utdanning, men ein ønskjer velkommen dei som kan tenke seg å prøve seg i yrket for å sjå om det kan være aktuelt å ta ei utdanning innan helsefag.
Kandidatar vert kontakta fortløpande. Det er ein fordel at du kan arbeide minimum 5 veker i ferieperioden. Du må presisere i søknaden kva periode du kan arbeide og kva arbeidsplass etter prioritet.
Er du interessert i stilling som tilkallingsvikar kan du ta kontakt snarast.
Krav til søkjar (gjeld alle avdelingar)
Personleg eigna
Norsk munnleg og skriftleg
Sertifikat kl B (heimesjukepleie og heimehjelp)
Vi tilbyr
Tilpassa opplæring og tett oppfølging
Varierte og innhaldsrike arbeidsdagar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
Sjukepleiarstudentar har høgare ansiennitetberekning etter fullførte år i utdanning
Særskilte krav
Krav om politiattest ved tiltreding
Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad". Prioriter etter kva avdeling du ønskjer å arbeide i.
Personar som har/ har hatt tilsetting tidlegare kan søkje direkte via epost til leiarar.
Company
Aukra kommuneApplication deadline
01.05.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5563048Look here for other jobs from Aukra kommune
- Updated 03.02.2024