• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3446618
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Ferievikarar 2021 - Helse og velferd

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?

Vi søkjer etter personar med utdanning innan helse- og sosialfaglege studieretningar som sjukepleie, vernepleie, medisin, barnevernspedagogikk, sosionom, fysioterapi, ergoterapi eller andre relevante fag. Både studentar med relevant utdanning og elevar på vidaregåande skule som ønskjer erfaring innan helse og omsorg kan søkje. Du er også velkomen til å søkje om du studerer andre fag.

 Helse og velferd søkjer etter ferievikarar i perioden medio juni til medio august til  tenesteområde som heimetenester, sjukeheimar og tenester til personar med utviklingshemming.

 Arbeidsoppgåver:

  • Ferievikarane skal utføre assistentoppgåver innan helse og omsorg
  • Du inngår i turnus og arbeider saman med fast tilsette

Kvalifikasjonar: 

  • Ønskjeleg med fullført utdanning eller student innan relevant fagområde eller du planlegg å studere relevante fag for arbeid innan helse og omsorg
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan helse og omsorg, men ikkje eit krav

Anna:

  • Du må være 18 år
  • Politiattest må levarerast før start i stillinga

 Eigenskapar:

  • Vi søkjer ferievikarar som er nøyaktige, motiverte og som viser respekt
  • Du er interessert i andre menneske
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
  • Du er sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Ein kjekk sommarjobb som vil gje deg god kunnskap og erfaring om helse og omsorg
  • Løn etter tariff 
  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du løna høgare etter lokal avtale. Du må dokumentere utdanning og kor langt du er kome i utdanninga
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer

  Tilsetjing vert gjort fortløpande

 Tenestestader og kontaktinformasjon:

Lokalmedisinsk senter – Lokalisert på Straume. Intermediær eining, Øyeblikkeleg hjelp (ØH), og kortidsplassar.

  • Einingsleiar: Tonje Tangen Alvsvåg, tlf 55097220 -99700857, tonje.alvsvag@oygarden.kommune.no

Fjell Sjukeheim- Lokalisert på Straume. Sjukeheimen har pasientar som har langtidsopphald, korttidsopphald og pasientar som er på avlastning.

  • Einingsleiar: Ruth Bakke, tlf 55097413, ruth.bakke@oygarden.kommune.no

Straume bu og servicesenter- Straume Bu og servicesenter (SBSS) er eit bu og servicesenter for eldre, funksjonshemma og utviklingshemma. Senteret er delt i to bufellesskap for eldre og eit for utviklingshemma . I tillegg har senteret dagavdeling og ein servicedel med 28 husvære.

  • Einingsleiar: Trude Myklebust, tlf 56160440, trude.myklebust@oygarden.kommune.no

Kvednatunet – Lokalisert på ÅgotnesKvednatunet er heimen for 40 eldre menneske med demensdiagnose som treng heildøgns omsorg. Bustadane er fordelt i fire bufellesskap. Kvednatunet treng og vikarar til reinhald.

  • Einingsleiar: Ingrid- Alice Ingebrigtsen, tlf 55096212 - 97537243 ingrid.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no

Tednebakkane – Lokalisert på Rong. Tednebakkane er ein sjukeheim med to avdelingar ; somatisk og demens.  Vi har tilknytta dagtilbod og eige kjøkken.

  • Einingsleiar: Britt Pedersen, tlf 40069141 – 56382353, britt.pedersen@oygarden.kommune.no

Sundheimen- Lokalisert i Skogsskiftet. Sundheimen er ein sjukeheim med to avdelingar;  somatisk og demens.Vi har tilknytta dagtilbod og eige kjøkken.

  • Einingsleiar: Janne Thode, tlf 45044569 – 56339720, janne.thode@oygarden.kommune.no

Heimetenestene- Heimetenestene er delt inn i tre soner; Sone Nord, Sone Sør og Sone Straume. Tenestene omfattar både heimesjukepleie og heimehjelp til heimebuande.

  • Einingsleiar Sone Sør: Kate Samland Løland, tlf 95071121, kate.loland@oygarden.kommune.no
  • Einingsleiar Sone Straume: Brit Larsson, tlf 99642253, brit.larsson@oygarden.kommune.no
  • Einingsleiar Sone Nord: Marianne Våge Berland, tlf 90159103, marianne.berland@oygarden.kommune.no

Tenester til mennesker med nedsett funksjonsevne- Er delt inn i tre soner; Sone Nord, Sone Sør og Sone Straume. Tenestene omfattar tenester i bufelleskap, avlasting og dagtilbod. Tenesta har alternative turnusordningar som t.d langvaktsturnus og døgnturnus

  • Avdelingsleiar Sone Sør: Ingebjørg Børnes, tlf 48204179,  ingebjorg.bornes@oygarden.kommune.no                      
  • Einingsleiar Sone sør:  Kristin Straume: tlf 99799526, kristin.straume@oygarden.kommune.no       
  • Einingsleiar Sone Straume: Hildegunn Vengen, tlf 90272800, hildegunn.vengen@oygarden.kommune.no
  • Einingsleiar Sone Nord: Kristin Straume, tlf 99799526, kristin.straume@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3446618
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.03.2021