Detaljer

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Sted:
    Balestrand
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Balestrand
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3489477
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Ferievikar - Sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2021 til helsetunet, heimetenesta, vaskeri og kjøkkenet i Balestrand.

Arbeidsperioden vil vere i tida 14.06.2020 - 15.08.2020 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe.

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.

 

Arbeidsoppgåver:

· Helsehjelp til eldre på sjukeheim, bebuare i heimetenesta og omsorgsbustad

· Heimehjelpsoppgåver

· Oppfølging av ernæring

· For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver

· For vaskeri; vask av pasient – og personaltøy. Reinhald

 

Kvalifikasjonar:

· ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

· vere fylt 18 år (for søkjare til kjøkken/postassistent vil yngre verte vurdert)

· Førarkort for dei som skal jobbe i heimetenesta

 

Personlege eigenskapar:

· evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.

· oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.

Spesielle vilkår for stillinga: Dei som vert tilsett må leggje fram: - Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato. - Politiattest av ny dato.

 

Me tilbyr:

· Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.

· Løn etter tariff jf. HTA.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.