• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.06.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4619491
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ledig stilling

Ål Kommune

Ferievikar i helse og omsorgssektoren

Offentlig forvaltning

Studerer du sjukepleie/ vernepleie / legestudent eller anna helsefag?

Ønsker du ekstrajobb som gir deg relevant erfaring?

Skal du vere delar av sommaren i Ål / Hallingdal og ønskjer å påta deg ekstraarbeid?

Er du pensjonist eller har ledig kapasitet ved sidan av ditt ordinære arbeid?

 Då treng vi deg. 

Helse - og omsorgasektoren søkjer ferievikarar for sommaren 2022 i avdelingane:

  • Heimetenester, kontaktperson er Marie Skråmestø
  • Avdeling Tunet (sjukeheim - korttidsavdeling), kontaktperson er Marit Øen Li
  • Avdeling Stugu (sjukeheim  - langtidsavdeling), kontaktperson er Tone Fossgård Berg
  • Miljøterapiteneste, kontaktperson er Marianne Tretterud Skarpås

Vi søkjer etter deg som er blid og positiv, som ønskjer å sette brukaren i fokus. Det er fordel med utdanning eller arbeidserfaring innan helse- og omsorgstenestene, men det er ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt. Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

Dersom du ønskjer å jobbe i ei bestemt avdeling, ber vi om at dette blir presisert i søknaden, samt kva for periode du kan vere ferievikar. Søkjarar som kan arbeide i vekene 26 til og med 34 blir prioritert. Dersom du ønskjer å jobbe som ekstrahjelp allereie no, ber vi om at du skriv dette i søknaden. Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert fortløpande og at det kan vere tilsett i stillingane før søknadsfristens utløp.

Arbeidsoppgåver kan vere:

  • hjelp, omsorg og pleie til brukarane etter individuelle behov (personlig hygiene, forflytning, aktivitet, kommunikasjon, tilrettelegging i matsituasjoner, mattilberedning, dokumentasjon).
  • praktisk bistand / heimehjelp
  • å bidra til gode og meiningsfylte  kvardagar, aktivitet og sosial kontakt
  • miljøarbeid
  • andre oppgåver i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • ønskje om, men ikkje eit krav, om utdanning og /eller erfaring innan helse og omsorgsfag
  • ha gode kunnskapar i norsk, - både skriftleg og munnleg.   
  • ønskjeleg med førarkort ( gjeld ikkje alle avdelingar)
  • bør vera fylt 18 år

 Personlege eigenskapar

  • sjølvstendig, fleksibel og påliteleg
  • evne til samarbeid, tryggheit, og arbeidsglede
  • du kommuniserer godt med brukarar, deira pårørande og samarbeidspartar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Politiattest

Stillingar som ferievikar krev gyldig politiattest nyare enn 3 månader.

Vi tilbyr

  • todelt turnus og eigen nattevaktsturnus.  Enkelte avdelingar har langvakt i helg med arbeid kvar 4. helg
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • internundervisning og faglig påfyll
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

Send søknad:

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". 

Vitnemål og attestar bør lastast inn elektronisk. Dokumentasjonen er ein svært viktig del av søkjargrunnlaget og tilsettingsprosessen, men er også avgjerande dokumentasjon for fastsetjing av løn.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.

 Om oss

Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med varierte og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Vi har stor fokus tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane. Ål helsesenter er base for både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter. Miljøterapiavdelinga har base på Prestegardsjordet.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.06.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4619491
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune