Ledig stilling

Sogndal kommune

Ferievikar avd. Plassen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Psykisk helse- og rustenesta, avdeling Plassen treng vikarar, både i sommarferien og elles som tilkallingsvikar.  Avdelinga ligg i Sogndal.

Plassen er forsterka bustader innan psykisk helse og rus. Avdelinga har 7 bueiningar og fellesareal.

Avdelinga er døgnbemanna og har turnus med langvakter, vakande nattevakt og sovande nattevakt.

 

 Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Målretta miljøarbeid
  • Praktisk bistand i daglege oppgåver
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Medikamenthandtering.
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk

 

Kvalifikasjonar:

  • 3 årig helse og sosialfag
  • Helsefagarbeidar
  • Studentar innan helse- og sosialfag oppmodast om å søkje.
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetting
  • Ynskjeleg at søkjar har erfaring med miljøterapeutisk arbeid

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig.
  • Har god relasjonskompetanse
  • Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar
  • Gode samarbeidsevner og samstundes vera audmjuk for andre sin kompetanse og erfaring
  • Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.

 

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.

Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.

 

Me tilbyr:

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging.
  • Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter tariffavtale
  • Bistand til å skaffe bustad

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.