• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3493917
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 18.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Ferievikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Bu- og miljøtenesta sone Leikanger søkjer ferievikarer til sommeren 2021. Vi er ein stor personalgruppe, som ønsker å yte gode og forsvarlege tenester til våre tenestemottakere. Vi yter teneste til brukarar i alle aldre, og med ulikt funksjonsnivå. Ønsker du ein lærerik og givande sommar, bør du søkje hjå oss!

Arbeidsperioden vil vere i tida 14.06.2021 - 16.08.2021.

 

Arbeidsoppgåver:

· Yte naudsynt og forsvarleg helsehjelp.

· Rettleie i daglege aktivitetar som til dømes matlaging, stell og anna husarbeid.

· Turnusarbeid med arbeid hver 4. helg.

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.

 

Kvalifikasjonar:

· Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

· Vere fylt 18 år.

· oppmodar verne- og sjukepleiar studentar til å søke.

· Førarkort Klasse B

· Ønskelig at søkeren har erfaring med mennesker med nedsatt funksjon.

 

Personlege eigenskapar:

· Gode samarbeidsevnar, for å nå felles mål

· Evne til å dele kunnskap med andre faggrupper

· Reflektert og løysingsorientert, og god på å skape resultat saman med andre

· God munnleg og skriftleg framstillingsevne

· Evne til å skape tillit, initiativrik, og fleksibel

· Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

Den som vert tilsett må leggje fram:

· Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato

· Politiattest av ny dato

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3493917
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 18.02.2021