• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    07.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3493913
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 18.02.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Ferievikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Bu- og miljøtenesta sone Balestrand søkjer ferievikarer til sommeren 2021. Vi er ei stor personalgruppe, som ønsker å yte gode og forsvarlege tenester til våre brukarar. Vi yter teneste til brukarar i alle aldre og med ulikt funksjonsnivå. Ynskjer du ein lærerik og givande sommar bør du søkje hjå oss!

Arbeidsperioden vil vere i tida 14.06.2021 - 16.08.2021.

Arbeidsoppgåver: 

· Yte nødvendig og forsvarlig helsehjelp.

· Veilede i dagleglivets gjeremål som for eksempel matlaging, stell og aktivitetar.

· Turnusarbeid med arbeid hver 3. helg.

 

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.

 

Kvalifikasjonar:

· Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

· Vere fylt 18 år.

· Oppmodar verne- og sjukepleiar studentar til å søkje.

· Førarkort Klasse B

· Ynskjeleg at søkjaren har erfaring med mennesker med nedsatt funksjon.

 

Personlege eigenskapar:

· Gode samarbeidsevner for å nå felles mål

· Evne til å dele kunnskap med andre faggrupper

· Reflektert, løysingsorientert og tolmodighet

· God munnleg og skriftleg framstillingsevne

· Evne til å skape tillit

· Være initiativrik og fleksibel

· Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

Den som vert tilsett må leggje fram:

· Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato

· Politiattest av ny dato

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    07.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3493913
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 18.02.2021