Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Ferievikar 2023 - sjukepleiarar og vernepleiarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune treng sjukepleiarar og vernepleiarar som ferievikarar på sjukeheimane, heimetenesta og i bu og miljø i Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Me søker deg som er utdanna sjukepleiar eller vernepleiar, eller er i gong med ei utdanning innanfor desse profesjonane.

 

Arbeidsperioden vil vere i tida 19.06.2023 - 13.08.2023 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe.

  • Stillinga si hovudmålsetting er å gi pasienten medisinsk, helsefremjande, rehabiliterande, førebyggande og lindrande omsorgsfagleg bistand,  som er nødvendig for å oppfylle dei mål som er satt for den einskilde. 
  • Sjukepleiar skal sikre at det vert gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte bruker, lege og behandlingsteam og ha sjukepleiar fagleg ansvar i forhold til brukar. 
  • Har instruksjonsmynde i forhold til faget og rettleiing, følgje opp medarbeidarar, brukara, studentar og elevar i tråd med retningslinjer. 

 

Sogndal kommune er ein variert kommune å jobbe i. Me har tre sjukeheimar lokalisert i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Det er varierte oppgåver og spennande moglegheiter på dei ulike sjukeheimane og me gir deg moglegheita til å jobbe på fleire stader viss du ynskjer det.

 

Balestrand helsetun og heimeteneste har ein legevaktssatellitt som er tilknytt arbeid i heimetenesta og på sjukeheimen. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs.

 

Leikanger sjukeheim  og heimeteneste er lokalisert i same bygg. Sjukeheimen inneheld 4 avdelingar, langtids, kortids, skjerma eining for personar med demens og ei avdeling for demens/psykiatri. Inne på kortidsavdelinga har ein og eit palliativt rom. Sjukeheimen og heimetenesta ligg i tilknyting til legekontoret, helsestasjon og fysioterapi/ergoterapi noko som gir moglegheit for eit godt samarbeid. Som sjukepleiar eller vernepleiar har ein varierte oppgåver, mykje ansvar og får brukt kompetansen sin.

 

Sogndal helse og omsorgssenter er eit nytt bygg, bygd i 2017. Sjukeheimen består av to avdelingar, kortidsavdeling og langtidsavdelinga. På korttidsavdelinga er dei kommunale KAD sengene. KAD skal være et allmennmedisinsk tilbod som skal gis til dei som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, men som ikkje har behov for innlegging i sjukehus. Kortidsavdelinga har 19 plassar og langtidsavdelinga med sine 25 plassar gir ein som sjukepleiar eller vernepleiar varierte oppgåver, mykje ansvar og moglegheit for fagleg utvikling. Sogndal helse og omsorgssenter er i same bygg som heimetenesta, legekontor, helsestasjon og fysioterapi/ergoterapi.

 

Prestahagen er ein omsorgsbustad til personar med demens. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Som sjukepleiar eller vernepleier i Prestahagen har ein varierte arbeidsoppgåver, ansvarsvakter og gode moglegheiter til å bruke fagkompetansen sin.

 

Heimetenesta avdeling Sogndal består av to soner, Fjøra og Stedje.

Dagsenteret til heimebuande og heimebuande med demens ligg under heimetenesta.

I Sogndal har vi rundt 300 tenestemottakar av ulike tenester.

Det er stor breidde i både oppgåvene og tenestemottakarar. Me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

 

Bu og miljøtenesta:

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod.

 

Psykisk helse og rus:

Psykisk helse- og rustenesta, avdeling Plassen og avdeling Stedje ligg i Sogndal, men ein yter og hjelp andre stadar i kommunen.

Plassen er forsterka bustader innan psykisk helse og rus. Avdelinga har 7 bueiningar og fellesareal.

Avdelinga er døgnbemanna og har turnus med langvakter, vakande nattevakt og sovande nattevakt.

Psykisk helse- og rustenesta, avdeling Seljetunet. Denne avdelinga ligg i Balestrand, og er bemanna dag og kveld. Avdelinga nyttar langvakter. Ein har tilgang til personalleiligheit og kan overnatte kostnadsfritt.

 

Sogndal, Leikanger eller Balestrand?

Dette er ein unik moglegheit for deg som er nyutdanna og ynskjer å prøve deg på ulike einingar. Eller du som har mykje erfaring og vil prøve noko nytt og ha deg ein sommar i fagre Sogn. Me kan tilpasse turnus og legge til rette for at du kan jobbe fleire plassar for å få variert erfaring og fagleg utvikling. Kom med ynskjer og spør oss gjerne!

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie eller vernepleie med norsk autorisasjon, eller påbegynt studie.
  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

 

Spesielle vilkår for stillinga:

Dei som vert tilsett må leggje fram:

  •  Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  •  Politiattest av ny dato.

  

Me tilbyr:

  • Lønn etter tariff
  • Turnus etter ynskjer, langvakter, vanlege vakter-  spør oss me tilpassar gjerne!
  • Bistand med å skaffe bustad

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.