• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4976159
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Ferievikar 2023 – Fysioterapi og ergoterapistudentar til Rehabiliterings/kortidsavdelinga på Sogndal helse og omsorgssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Om stillinga

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte fysioterapi og ergoterapistudentar for sommaren 2023 til kortids/rehabiliteringsavdelinga på Sogndal helse og omsorgssenter.

 

Arbeidsperioden vil vere i tida 19.06.2023 - 13.08.2023. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. Arbeidstida blir dagtid med annakvar helg.

 

Arbeidsoppgåver:

 

  • Rehabilitering
  • Trening med pasienter, individuelt og i grupper
  • Tilrettelegging rundt måltid
  • Kartlegging
  • Tilrettelegge for daglege aktivitetar/kvardagsmeistring
  • Forflytning – veiledning til pasientar og personale
  • Samarbeid med personale på avdelinga
  • Følgje opp treningsplanar og medverke til utarbeiding av desse

 

Kvalifikasjonar:

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • påbegynt studie i fysioterapi eller ergoterapi.
  • vere fylt 18 år

 

 

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
  • Imøtekommande

 

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato. 

 

Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
  • Løn etter tariff jf. HTA.
  • Bistand med å skaffe bustad

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4976159
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.03.2023