• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4085941
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 08.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Feiarsvein 100% vikariat - Øygarden brann og redning KF

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterar direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held
også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette.

Branntryggleiken til innbyggjarane våre er vårt fokusområde, uansett om dei er heime, på jobb, på skulen eller i butikken. Å arbeide ved førebyggjande avdeling er å vere med på målretta innsats for å betre branntryggleiken og gje ein tryggare kvardag for innbyggjarane i Øygarden
kommune. Dette gjer vi gjennom tilsyn, haldningsskapande arbeid og andre brannførebyggjande tiltak. Vi ønskjer medarbeidarar som ønskjer å utgjere ein forskjell og har tru på at det alltid er mogleg å skape forbetring.

Om avdelinga:
Øygarden brann og redning KF – førebyggjande avdeling har 9 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Seksjon for HMS tilsyn og opplæring, og seksjon for feiing og tilsyn. I tillegg kjem avdelingsleiaren og ev. lærlingar. Avdelinga driv eit aktivt brannførebyggjande arbeid for og i
samarbeid med kommunen.


Arbeidsoppgåver:
• Feiing og tilsyn med fyringsanlegg, hovudsakleg i bustader og fritidsbustader
• Utføre oppgåver innan offentleg forvaltning/sakshandsaming
• Brannførebyggjande informasjonsarbeid
• Svare på faglege spørsmål frå innbyggare på telefon og e-post


Stillinga rapporterer til seksjonsleiar ved seksjon for feiing og tilsyn


Kvalifikasjonar:
Må ha:
• Sveinebrev som feiar/brannførebyggar
• Erfaring med feiing og tilsyn med fyringsanlegg
• Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner i norsk
• Førarkort klasse B


Ønskjeleg med:
• Erfaring i bruk av DM brann
• Båtførarbevis


Personlege eigenskapar:
• Evne til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar
• Evne til å planlegge, prioritere og evaluere eiga arbeid
• Evne til å tileigne seg ny kunnskap
• Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
• Positiv, initiativrik og sørvisinnstilt

Anna:
• Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest

Tilsettinga gjeld t.o.m. 01.07.2024, tiltreding etter avtale

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA-bedrift
• Eit aktivt fagmiljø
• Eit triveleg arbeidsmiljø
• Fleksitidsordning
• Løn etter avtale
• 2 timer trening i arbeidstida pr. veke
• Treningsrom på arbeidsplassen

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4085941
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 08.09.2021