• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    07.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3366705
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 11.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Feiar / brannførebyggar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har om kort tid ei ledig stilling som feiar/brannførebyggar, og lyser derfor ut etter faglært feiar, lærling eller lærekandidat for å fylle denne.

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har i dag 12 heiltidstilsette (av desse er 5 feiarstillingar) og om lag 90 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar og depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 9100 fyringsanlegg. I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver etter brann og eksplosjonsvernlova, er også kommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet.

 

Venta arbeidsoppgåver:

• Gjennomføre feiing og tilsyn av registrerte fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader.

• Følgje opp avvik etter feiing og tilsyn i samsvar med forskrift om brannforebygging.

• Oppdatere opplysningar gjeldande fyringsanlegga i fagprogram.

• Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggande brannvern generelt.

 

Kva treng du av kvalifikasjonar

• Sveinebrev som feiar, eller

• Gjennomført grunnkurs byggfag eller liknande

• Anna vidare kompetanse som vil vere relevant for feiarfaget

• Førarkort minimum klasse B.

 

Ved eventuelt tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

• Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av IT-verktøy.

• Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.

• Personlig skikka, engasjert og interessert.

• Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.

• Relevant praksis.

 

Vi tilbyr:

Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

 

Informasjon om stillinga:

Nærare informasjon om stillinga får du hos leiar førebyggande avdeling Torill Anita Segtnan tlf. 47 67 29 72, eller brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 90 03 72 56.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    07.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3366705
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 11.01.2021