Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
04.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6617650Se her for andre jobber fra Hå kommune
Hå kommune
Fastlegevikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vikariat som fastlege Vigrestad/Varhaug, Nærbø kan og bli aktuelt. Vikariatet er frå 01.09.26 (eller etter avtale) og inntil 1 år, grunna overlegepermisjonar.
Me er på jakt etter ein lege til å bli ein del av den gode gjengen på Vigrestad legekontor og/eller Varhaug legekontor. Samarbeidande personell er som hovudsakleg sjukepleiarar. Det er gode rutiner for samarbeid og bruk av sjukepleiarane til vurdering der det er fornuftig. Fastlegetenesta er godt integrert i den øvrige kommunale helsetenesta, me har og psykolog som arbeider på tvers av legekontora med pasientbehandling, veiledning og rådgjeving.
Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarbeid.
Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysninger dersom du treng ein dag fri.
I fastlegearbeidet inngår listeansvar for eiga liste, inntil 1 dag ikkje kurativt arbeid og deltaking i legevakt.
Alle som ikkje har spesialitet i allmennmedisin vert tatt inn i ALIS ordninga. Me har kompetente og erfarne veiledere og samarbeid med nabokommunane om gjenomføring av nettverkssamlingar for ALIS.
Kvalifikasjonar
- gjennomført Lis 1
- god kunnskap om norsk lovverk
Lis 1 ventarar oppfordrast og til å søka, då er det ynskjeleg med erfaring frå sjukehus.
Personlege eigenskapar
- interesse for allmennmedisin
- evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personlege eigenskapar og lokal tilknyting vert vektlagt.
Attestar og vitnemål
Me ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
04.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6617650Se her for andre jobber fra Hå kommune
-
Ledig fastlegeheimel
Øygarden kommune
Ågotnes -
Lærar til norskopplæring
Hå kommune
VARHAUG -
Fagarbeidar til norskopplæring
Hå kommune
VARHAUG -
Helsesjukepleiar / sjukepleiar - 100 % midlertidig stilling Familiens hus frå 15.8.26-30.6.27
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar eller helsesekretær
Sogndal kommune
LEIKANGER