Ledig stilling

Haugesund kommune

Fastleger/Allmennleger i spesialisering

Offentlig forvaltning

Haugesund er det største regionsenteret mellom Stavanger og Bergen med omlag 38 000 innbyggarar. Byen har eit omland rikt på variert natur og gode rammer for friluftsliv av alle slag . I tillegg tilbyr byen og omegn eit variert kulturtilbod  med mellom anna ei mengde festivalar, flott kinobygg, teater, bibilotek, idrett med meir. Ellers er Haugesund lokasjon for Sjøfartsdirektoratet. Ellers finnes gode  barnehage- og skuletilbod og vidaregåande skular med stor variasjon i studieretningar. 

Haugesund har ellers det største akuttsjukehuset mellom Stavanger og Bergen - Haugesund sjukehus Helse Fonna. Ein liten kilometer i srleg retning ligg Haugesund legevakt som dekker 9 kommunar med eit folketal på omlag 90 000. Det er til ei kvar tid 2 legar på vakt (ein har bakvakt på natt), saman med dyktige og erfarne hjelpepersonell.

Haugesund kommune administrere per i dag 40 fastlegeheimlar med 44000 listeplassar -  fordelt på 9 legesentre. Listetalet gjenspeglar at byen er eit regionssenter og med det tildreg seg mange arbeidspendalarar frå omliggjande kommunar og som også vel fastlege der dei arbeider.

For å kunne auke tilgong på ledige listaplasser på fastlegelistene finn me det naudsynt å utvide med fleire fastlegeheimlar, og som kan lokaliserast ved Bylegane legekontor i hjarte av byen o næraste nabo til Haugesund folkebibliotek. Listene vert tilrettelagt for ALIS-avtale.

Bylegane legekontor er drifta av dyktig spesialist i allmennmedisin og med master i rettleiing , som etter å ha flytta legepraksis til lyse, velfungerande lokaler med utsyn over byen  ynskjer å utvide kollegiet til ein grupppraksis på til saman fire legar. 

Kvalifikasjoner:

  • du må ha norsk autorisasjon som lege
  • du må ha fullført og fått godkjent LIS1-teneste både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta
  • du bør ha relevant erfaring frå sjukehus, allmennpraksis og arbeid ved legevakt
  • norsk er arbeidsspråk i Haugesund kommune og du snakkar, les og skriv så godt norsk at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • det er krav om godkjent politiattest for tilsetjing i stillingane
  • du må ha førarkort for personbil i samband med arbeid ved legevakt

Personlige egenskaper:

  • Du må vere engasjert og ha genuin interesse for å arbeide med menneskje
  • du evnar å jobbe både sjølvstendig og tverrfagleg
  • du evner å  arbeide under høgt press og å handtera krevjande situasjonar
  • du er medviten eigne haldningar og verdiar og møter pasientane med grunnleggjande respekt
  • du bidreg positivt i arbeidsmiljøet i kollegiet
  • personleg egnaheit til stillinga vil bli høgt vekta

Vi tilbyr:

  • du vil verte ein del av eit kollegium i utvikling og med tilgong på høgt kvalifisert praksisrettleiar
  • arbeid der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling
  • som ALIS får du gode rammevilkår for å auka kompatense og rettleiing
  • ALIS i allmennpraksis startar fyrste året med fastløn kombinert med mogleik for insentivløn/bonusløn
  • Praksiskompensasjon ved fråvær sjuke barn
  • du får høve til å starte med listetak på omlag 650-700 innbyggjarar som etter 6 månader gradvis vert auka til 1000 innbyggjarar
  • etter eit år gjeld overgong til sjølvstendig næring eller alternativ 8.2-avtale
  • Haugesund kommune har gode og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar