Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Surnadal kommune

FASTLEGEHEIMEL I SURNADAL KOMMUNE

Brannvesen

Surnadal kommune har ledig fastlegeheimel ved Surnadal legesenter DA.

 

Den ledige heimelen har eit listetak på 900 pasientar.

Kommunen har til saman seks fastlegeheimlar og ein LIS1, alle er lokalisert ved Surnadal legesenter.

Legesenteret blir drive som eit DA og har tilknytt hjelpepersonel. Lokala er fine og funksjonelle og ligg i sentrum av bygda.

 

Surnadal kommune er innehavar av fastlegeheimelen. Som fastlege arbeider du som sjølvstendig næringsdrivande etter ei såkalla "nullavtale" (ASA 4310 pkt 8.2).

Det er mogleg å velge tilsetting i fastløna 100% stilling.

 

Arbeidsoppgåver

Surnadal kommune deltek i interkommunal vaktlegeordning lokalisert ved St.Olavs hospital, Orkdal sjukehus.

Ein må rekne med 2-3 vakter i månaden, samt legevakt på dagtid ved Surnadal legesenter ca ein dag i veka.

 

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere spesialist i allmennmedisin. Ikkje-spesialistar som er godkjent allmennlege, kan søkje dersom kriteria om overgangsordningar omtalt i "Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften), er oppfylt.

Norsk autorisasjon som lege, rekvisisjonsrett, refusjonsrett frå Helfo og norskkunnskapar på eit høgt nivå er påkrevd.

Søkar som har fullført LIS1 og som ikkje har starta spesialisering i allmennmedisin, må forplikte seg til å starte spesialiseringa snarast etter tildeling av heimel. Kommune vil vere med å legge til rette for at spesialiseringa kan gjennomførast.

 

Tilsettingsvilkår

Tilsettdeling av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov og avtaleverk (ASA 4310).

Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter Forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen.

Det blir krevd politiattest av den tilsette og attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

 

Vi tilbyr

Gode arbeidsforhold i moderne lokale. Flyttegodgjering etter reglane i personalplanen. 

Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad. Det er god barnehagedekning i kommunen.