• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    21.01.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5497362
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 22.12.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Fastlegeheimel - Ål legekontor - "Nordsjø"- / pendlarturnus

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige legar å starte i heimelen.

Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpepersonell til stades?

Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor, med for tida listestorleik på 400 pasientar. Du velje mellom "Nordsjøturnus" eller ordinær deltidsstilling. Stillinga kan kombinerast med ledig sjukeheimslegestilling eller kommuneoverlegestilling. 

Om legekontoret og praksisen
Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 7 fastlegar, 1 LIS 1 lege 1 legevaktselege og 1 sjukeheimslege. Pr i dag er det 3 legar som har fastlønnsavtale og 4 legar som driv privat praksis.

Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning i allmennmedisin.

Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er moderne lokalar som er godt utrusta med utstyr til dømes spirometri, røntgen med videooverføring til Vestre Viken. Det er CT-maskin ved HSS som kan bidra til rask trombolysebehandling samt eigen dialyseavdeling.
Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.

I Ål kommune tilsvarar ei full liste 810 pasientar. På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis. Fordeling av listelengde og fordeling av kommunale oppgåver blir gjort regelbunden i samarbeidsutvalet. Me er fleksible med tanke på avtale, og du vil sjølv kunne ha stor moglegheit til å påverke både listelengde og storleik på kommunale oppgåver. Pr i dag er listestorleiken på 600 pasientar.

Legevakt

Det er etablert interkommunalt samarbeid med kommunar i Hallingdal og det er tilsett 1 legevaktslege for å redusere vaktbelastninga for fastlegane. Det er eige nye legevaktslokaler som er godt utstyrt i same bygg som legekontoret. Legevakt er organisert som følgjande:

  • daglegevaktsamarbeid mellom legane i Ål
  • legevaktsamarbeid med Hol kommune, lokalisert på Ål, ettermiddag og helg og med fast godtgjersle og tilstadeplikt.
  • interkommunal nattlegevakt med tilstadeplikt for 5 kommunar i Hallingdal, lokalisert på Ål.

Kvalifikasjonar

  • lege med norsk autorisasjon
  • spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
  • god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
  • førarkort kl B

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
  • gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • personleg eigna som fastlege og som kollega
  • det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
  • interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid 

Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.

Me tilbyr

  • lønns og arbeidsvilkår, der ulike avlønningsmodeller kan drøftast.
    • sjølvstendig næringsdrivande med 810 listepasientar ved full liste,
    • fastlønnsavtale
    • "nordsjø-" /pendlarturnus med 2 veker på og 4 veker fri. Det blir lagt opp til ubunden tid for administrativ arbeid i friperiodane med oppfølging av prøvesvar, epikriser mv.
  • triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
  • moderne og godt utstyrt lokaler
  • tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin, alisavtale og regional rettleiingsgruppe
  • godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen

 Me ønskjer å gjere kvardagen til tilsette trygg, utviklande og variert. Å jobbe i Ål kommune betyr gode pensjons- og forsikringsordningar, fadderordning. 

Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Me hjelper deg å skaffe bustad.

 Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    21.01.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5497362
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 22.12.2023