Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Fastlegeheimel, 2.gangs utlysing

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.

Vi har ledig 2 fastlegeheimlar:
  1.   Fastlegeheimel ledig frå 01.03.2021 ved Skei legekontor

Det er 725 pasientar på denne lista, men listetaket kan hevast. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke, og vi kan legge til rette for ei større kommunal bistilling om ein ynskjer dette. Det er ingen kostnader knytt til oppstart i heimelen. Denne heimelen er knytt til Skei legekontor der det jobbar 3 fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 2,6 årsverk hjelpepersonell på legekontoret.

       2. Fastlegeheimel ledig frå 01.01.2021 ved Førde legesenter

Det er 500 pasientar på denne lista og det er eit listetak på 1000 pasientar. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke, og vi kan legge til rette for ei større kommunal bistilling medan ein aukar lista Det er ingen kostnader knytt til oppstart i heimelen. Denne  heimelen er knytta til Førde legesenter der det i dag jobbar 15 fastlegar. Det er 10.5 årsverk hjelpepersonell på legesenteret. Fastlegane har felles gruppepraksis i nye lokale og er sjølvstendig næringsdrivande. 

Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande. Vi kan tilby fastlønsavtale i begge heimlane. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar per no System X som journalsystem.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne, nye lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 22-delt vakt.

 Krav til søkar:
  • må være spesialist i allmenn medisin. Om ikkje må du starte på spesialiseringa ved tilsetting
  • gode samarbeidsevner
  • gode norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg
  • politiattest må leggast fram ved tilsetjing

 Personleg eigenskapar som gode kommunikasjons- og samarbeidsevner vert vektlegt.

 

 Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

Kontaktpersonar:

Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662

kef@sunnfjord.kommune.no

 

Anders Rosø (medisinsk fagleg ansvarleg lege på Skei) mobil 93465098

Anders.roso@sunnfjord.kommune.no

 

Sissel Leth-Olsen (medisinsk fagleg ansvarleg lege i Førde) mobil 48027693

Sissel.Leth-Olsen@sunnfjord.kommune.no