Ledig stilling

Øygarden kommune

Fastlege, Selvstendig næringsdrivende

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fastlege – Ågotnes legekontor 

Øygarden kommune søkjer ein engasjert fastlege til fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor. Vi ser etter deg som ønskjer ein variert arbeidskvardag i eit godt fagmiljø, med høve til både fagleg utvikling og stort sjølvstende. 

Om legekontoret 

Ågotnes legekontor ligg sentralt på Ågotnes . Ca 30 minutter kjøring frå Bergen sentrum Har moderne lokale, erfarne kollegaer og dyktige helsesekretærar. Kontoret har eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med kommunen sine helse- og omsorgstenester. Ein nyttar Infodoc som journalsystem. Listesørrelse ca 1100 pasientar. ALIS avtale blir gitt til fastlegar under spesialisering. Praksiskompensasjon blir gitt inntil 5 dagar pr år til spesialister som resertifiserer seg i spesialiteten allmennmedisin.  

Arbeidsoppgåver:
  • Drift av fastlegeheimel som sjølvstendig næringsdrivande 

  • Allmennlegeoppgåver i tråd med fastlegeordninga 

  • Deltaking i legevakt etter gjeldande ordning. Pr tid treng ein ikkje å delta i legevaktarbeid,. Det er heller ikkje pr tid krav til anna kommunalt legearbeid.  

  • Samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester 

Kvalifikasjonar :

  • Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1 

  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering 

  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 

  • Kjennskap til norsk helsevesen og fastlegeordninga 

Personlege eigenskapar :

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, arbeider sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr :

 

  • Etablert fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor 

  • Godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø 

  • Moderne lokale og erfarent hjelpepersonell 

  • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin 

  • Konkurransedyktige vilkår etter gjeldande avtaleverk 

 

Oppstart: Etter avtale 

Søknadsfrist: 22.11.2026 

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med  kommuneoverlege Stein-Inge Stigen,