• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4890526
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 24.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Fastlege eller ALIS- lege til Frekhaug legesenter - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga:

Då ein av våre legar går av med pensjon sommaren 2023 har vi ledig 100% fast stilling som kommunalt løna fastlege i Alver kommune. Vi kan leggje tilrette for kandidatar som ønskjer stilling som ALIS- lege. 

Om Frekhaug Legesenter
På Frekhaug legesenter er det seks fastlegeheimlar med kommunalt tilsette legar og ein LIS1 lege. Timebestilling er organisert både med «time på dagen» og vanleg venteliste. For tida bruker vi Infodoc journalsystem i arbeidet. Kontoret er lokalisert på Frekhaug, er veldrive og godt innreia. Vi har parkering i gåavstand frå bygget.

Åpningstid og arbeidstid ved Frekhaug legesenter er kl 08:00 - 15:30. Individuelt tilrettelagt arbeidstid kan avtalast ved behov. 

På Frekhaug legesenter er det tilsett fagleg dyktig hjelpepersonell i form av både helsesekretærar og ein sjukepleiar. Den eine helsesekretæren fungerer som driftskoordinator på kontoret og har ansvar for daglege driftsoppgåver, medan ein av legane har funksjon som fagkoordinator med oppgåve å sørge for god fagleg praksis. Arbeidsdagane er travle, og god samhandling og kommunikasjon mellom legar og helsepersonell er sentralt. 

Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt (NHLV).Det er også eit godt samarbeid mellom helsestasjonen, jordmortenesta og fastlegekontoret som er lokalisert i samme bygg.

Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.

Korleis er det å arbeide som kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune?

Som kommunalt tilsett fastlege har du 37,5 timars arbeidsveke. Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal kunne ha ein balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal være greit å gå heim frå jobb når arbeidsdager er slutt. Om du arbeidar ekstra får du opparbeidd fleksitid som du kan ta ut i fri seinare, eller evt. utbetalt overtid.

Dersom du blir sjukemeldt, eller får born som er sjuke har du rettar på lik linje med alle andre tilsette i kommunen. Det er vårt ansvar å få inn vikar for deg dersom du blir langvarig sjukemeldt. Ved kortere fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning.

Når det gjeld administrasjon av kontoret med hensyn til hjelpepersonell og utstyr, så ordnar vi det for deg. Vi treng sjølvsagt at du formidlar kva du treng og kva du ønskjer Men du skal sleppe å bruke mykje arbeidstid på dette.

ALIS - legar får lovpålagte og naudsynte kurs dekka av ALIS - tilskot. Fastlegar som er spesialistar og treng kurs/ vidareutdanning for å kunne jobbe som fastlege får dekka dette frå arbeidsgivar, i kobinasjon med søknad om midler frå fond II frå legeforeningen. Du får fri med lønn til lovpålagte/ naudsynte kurs. Du vil også ha rettar i forhold til permisjonsreglementet, på lik linje med andre tilsette i Alver kommune.

Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld , helg og natt. I gjennomsnitt vil du ha to vakter der i månaden, og då får du betalt timesats for arbeidet du gjer der. Vi er opptatt av at du skal ha kviletid, og dersom du arbeider natt til måndag vil du kunne få fritak frå arbeidet på kontoret på måndagen utan at du mister noko lønn for dette.

Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka - eksempelvis på sjukeheim eller helsestasjon vil antalle pasienter på lisa kunne reduserast i henhold til mindre arbeidstid som fastlege.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid som fastlege, med ei godt ivaretatt fastlegeliste med 1100 pasientar
  • Veildning av LIS 1 legen rullerar mellom legane,
  • Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld, helg og natt. Offentleg allmennmedisinsk legearbeid kan være aktuelt i inntil 7,5 time pr veke.

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
  • Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning

Personlege eigenskaper

Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet. 

Vi tilbyr

  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstid: 37,5 timers veke
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Rettar i forhold til permisjonsreglement, sjuke barn eller eige sjukefråvær på lik linje med andre tilsette i Alver kommune
  • Dekka kurs/ naudsynt vidareutdanning for stilling som fastlege. Fri med lønn.
  • Veiledning under ALIS forløpet
  • Godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta.

Ta gjerne kontakt!

Høyres dette freistande ut, men du er framleis litt usikker på om du skal søkje? Då vil vi anbefale deg å ta kontakt med enten avdelingsleiar Bente Bø Taule, eller Lars Moland som er fastlege og fagkoordinator ved Frekhaug legesenter (lars.moland@alver.kommune.no). Dei svarer deg gjerne på spørsmål som du har om korleis det er å arbeide ved Frekhaug legesenter!

Politiattest

I tråd med gjeldande lovverk vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4890526
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 24.11.2022