• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    16.05.2021
  • Sted:
    ASKVOLL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ASKVOLL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3633261
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune

Fastlege - Askvoll legesenter

Askvoll kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Askvoll legesenter har ledig 1 fastlegeheimel frå snarast då ein av fastlegane våre flyttar.

Fastlege, 100 %  fastlønna stilling som omfattar
                - pasientliste, listetak 840 pasientar
                - 20 % stilling,  kommunalt arbeid/oppgåver

Askvoll legesenter har per i dag 4 fastlegar og ein LIS1 lege.
I tillegg har vi rutinert hjelpepersonell,  både sjukpleiarar og helsesekretærar, i totalt 3,45 årsverk.  Legekontoret er ein del av seksjon helse som omfattar helsestasjon, jordmor, fysioterapi og psykiatriteneste, samt nærmiljø/frivilligsentral.  Seksjonen ligg under helse og omsorg med kommunalsjef, helse og omsorg som øvste leiar.

2 av fastlegane er spesialist i allmennmedisin, arbeider som sjølvstendig næringsdrivande med «0-avtale» i tillegg til kommunale bistillingar og rettleiar for LIS1 og LIS3. Legekontoret har hatt stabil legedekning i svært mange år.  Legesenteret dekker dagvakt frå kl. 08.00 – 15.30.  Søkjar må berekne ca 1 dagvakt per veke.

Askvoll kommune deltek i Sunnfjord Ytre Sogn Interkommunal Legevakt (SYS IKL), lokalisert i Førde fra kl. 15:30 -0800 på kvardagar og heile døgnet på helg og heilagdagar. Det utgjer ca. 2-3 vaker per månad per lege på SYS IKL (fastlønsavtale).

For søkjarar som er spesialistar i allmennmedisin og har interesse for det,  kan det komme til rettleiingsoppgåver for LIS1/LIS3.

 

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS3 stilling i allmennmedisin
  • Godkjent LIS1
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode kommunikasjonsferdigheit på norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlig eigenheit, interesse og kunnskap vil verte vektlagd.

Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel. 

Det er krav om framlagd politiattest før oppstart.

 

Vi tilbyr:

  • Pensjonsordning KLP
  • Flyttegodtgjersle, jfr personalhandbok for Askvoll kommune
  • Gode arbeidsforhold i fine lokale med trivelige kollegaer og personale
  • Hjelp til å skaffe bustad

 

Søknadsfrist: 16.05.21

 
  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    16.05.2021
  • Sted:
    ASKVOLL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ASKVOLL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3633261
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Opprett gratis bedriftsprofil:
  • Legg ut alle dine ledige jobber
  • Bestill annonsering i alle kanaler
  • Motta søknader ett sted
Oppgrader om du ønsker flere verktøy:
  • Profesjonell søknadshåndtering
  • Jobbmatch - 100.000+ kandidater
  • Integrasjoner med HR og fag-systemer