Ledigt jobb

Kvam Herad i Brønnøysund

Fastlege

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?

Kvam herad har ledig fastlegeheimel ved Norheimsund legesenter. Me søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin, eller lege med gjennomført LIS1 som ønskjer stilling som ALIS.

Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 12 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta.

Om kommunen vår

Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/

Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legesenter i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Ålvik og Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frå sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Fastlegen er viktig i dette arbeidet.

Kvam herad har tilsett kommunepsykolog for vaksne og kommunepsykolog for barn og unge. Me har dyktige tilsette i rus- og psykiatriteneste. Det er også avtalespesialist i psykologi lokalisert i Kvam. Kommunen har eiga barnevernteneste, PP-teneste, og familiesenter for rådgjeving av familiar. Kommunen har saman med fleire kommunar eit samarbeid om tilsette ernæringsfysiologar. Det er fleire fysioterapiinstitutt i kommunen. 


Arbeidsoppgåver

  • Kurativt legearbeid i fastlegeordninga:
    Heimelen som er ledig har i dag ei pasientliste på 600 pasientar. Listelengd kan tilpassast din progresjon i spesialistutdanninga og andre arbeidsoppgåver tilhøyrande stillinga. Dette vert avtala nærare ved tilsetting.
  • Deltaking i legevakt:
    Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan. Arbeid på legevakt er fastlønna og med gode lønns- og arbeidsvilkår. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har legevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30.
  • Andre oppgåver er:
    - Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar
    - Eventuelt andre kommunale oppgåver etter avtale med kommunen


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege evnt. spesialist i allmennmedisin, oppgje HPR-nummer
  • Gjennomført LIS1-teneste
  • Gode fagkunnskapar og ferdigheiter
  • Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet
  • Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam
  • Trivst med akuttmedisin og legevakt
  • Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse
  • Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar

Me tilbyr

Kommunen lyser ut fastlegestilling med listelengd på omlag 600 pasientar. Listelengd kan avtalast nærare. I tillegg til fastlegepraksis er det aktuelt med kommunale oppgåver. Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegepraksis. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevakta. Det er inngått lokal særavtale med gode lønns- og arbeidsvilkår for legevaktsarbeid.

Kommunen vil ha behov for fleire fastlegar dei komande åra. Dersom fleire aktuelle søkjarar kan det vera aktuelt å tilsetja i vikariat.

Norheimsund legesenter

  • Norheimsund legekontor er eit kommunalt legekontor med 6 legar og 3 helsesekretærar. Legekontoret er lokalisert i Norheimsund sentrum.
  • Legekontoret nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no.
  • God utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling
  • Ultralydapparat tilgjengeleg
  • Kontoret har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke.

Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift?

Kommunen er open for ulike driftsformer og kan tilby næringsdrift (8.2 avtale) eller fastlønn med insentivløn. Basistilskot til lege som driv næring er kr 1 000 pr listepasient.

Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist. Me kan tilby næringsdrift eller fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar frå pasientar). Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering.

Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Reidun, Terje, Gudmund eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.