• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Sted:
    LEIKANGER
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    LEIKANGER
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3906903
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Fastlege

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Leikanger

Tettstaden Leikanger ligg fint til ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode mogelegheiter for friluftsliv med alt frå topptur til fots og på ski til båtliv på fjorden. Leikanger er kjent for å ha mange statlege etatar, høgt utdanningsnivå og god folkehelse.

 

Stillingsinformasjon

Ved Leikanger legekontor er det ledig 1 års vikariat for fastlege frå 01.09.21. Listelengde på inntil 700 pasientar og 30% stilling som sjukeheimslege.

 

Om stillinga

Leikanger legekontor har 3 fastlegar, 1 turnuslege og to årsverks hjelpepersonell (sjukepleiarar). Medarbeidarane er svært erfarne og har god lokalkunnskap. CGM allmenn journalsystem. Sogndal kommune legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering.

 

Kommunen eig og driv legekontoret. Legekontoret er samlokalisert med helsestasjon, fysioterapi, psykisk helseteneste, heimesjukepleie og sjukeheim.

 

Legevakta ligg i Sogndal og er for tida 15-delt.

 

Arbeidsoppgåver:

Allmennmedisinske oppgåver som fastlege og sjukeheimslege.

 

Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som lege.

Gjennomført turnusteneste/LIS1.

Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering i allmennmedisin.

Førarkort klasse B.

 

Personlege eigenskapar:

Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg.

God evne til kommunikasjon og samhandling.

Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Høg arbeidskapasitet.

 

Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Sted:
    LEIKANGER
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    LEIKANGER
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3906903
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune