• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4625552
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 06.12.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Fastlege - 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du eit spennande og variert legeliv med gode samarbeidspartnarar og eit triveleg arbeidsmiljø, kan du nå få eitt års vikariat ved kommunelegekontoret på Gol. Vi har fastlønna legar i alle aldrar som alle er innstilt på å ta godt imot ein ny kollega. Våre medhjelparar er kompetente, hyggelege og bidrar til eit svært godt kollegialt miljø. Kontoret er velutstyrt med mykje moderne utstyr, blant anna digitalt røntgenutstyr og ultralyd.

Vi har ledig eit vikariat i 100% som fastlege frå 01.08.2022 – 31.07.2023. Stillinga er med fast løn.

Det er legevaktsamarbeid, 8-delt vakt, med Hemsedal på kveld, helg og høgtid. For nattlegevakt er det interkommunalt samarbeid med base i nabo-kommunen Ål.

Arbeidsoppgåver:
• Fastlege for 630 innbyggjarar
• Tilsynslege på sjukeheimen 1 dag i veka
• Ø-hjelp på dagtid
• Legevakt

Kvalifikasjonar:
• Lege med norsk autorisasjon
• Spesialist i allmennmedisin eller under utdanning som spesialist i allmennmedisin
• Gode norsk-kunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Førarkort for bil

Vi søkjer deg som har:
• Gode fagkunnskapar
• Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
• God kommunikasjonsevne med pasientar
• Evne til samarbeid med kollegaer og ønske om å dele med andre
• Interesse for fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr:
• Eit godt arbeidsmiljø i trivelege lokale
• Kollegial støtte
• Varierte arbeidsoppgåver
• Tverrfagleg samarbeid
• Fast lønn
• Fri etter nattlegevakt

For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attester
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom rett e-postadresse er fylt ut.

 

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4625552
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 06.12.2022