• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    03.06.2022
  • Sted:
    LANGEVÅG
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    LANGEVÅG
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4621978
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Faste stillingar som miljøterapeut i barnebustad Geilneset

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig:

100 % fast stilling som miljøterapeut i Bu- og aktivitetstenesta.
80 % fast stilling som miljøterapeut i Bu- og aktivitetstenesta.

Stillingane er for tida lagt til avdeling Geilneset 9.

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Geilneset er ei avdeling som gir heildøgnstilbod og avlastning til menneske med samansatte funksjonshemmingar i bustadar for born og vaksne.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelinga har turnusordning med utvida arbeidstid  f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.

Stillingane er ledig frå snarast.

Kvalifikasjoner:

  • Vi søkjer personar med treårig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar.
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til/ erfaring frå arbeide med menneske med ulike hjelpebehov.
  • Beherske målretta miljøarbeid og kunne tilrettelegge for ein god kvardag i og utanfor heimen.
  • Vi søkjer etter personar som har erfaring med utfordrande åtferd.
  • Erfaring og kjennskap til Helse og omsorgstenestelova Kap. 9.
  • Relevant praksis og erfaring vert føretrekt.
  • Krav om førarkort og politiattest.
  • Datakunnskap
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Oppgje referanse.

Personlige egenskaper:

  • Forutan gode og faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med ei god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstending og i team.
  • Du må kunne stå i og takle uførutsette handlingar.
  • Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
  • Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.  
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.  

 Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Eit positivt arbeidsmiljø.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
  • God opplæring med moglegheit for fagleg påfyll.
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    03.06.2022
  • Sted:
    LANGEVÅG
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    LANGEVÅG
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4621978
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune