Företag
Surnadal kommuneAnsökningstiden
10.06.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Politi, brann og tollUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3772036Se här för andra jobb från Surnadal kommune
- Uppdaterad 20.05.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Surnadal kommune
Faste stillingar for vernepleiarar og sjukepleiarar
Politi, brann og toll
Bu- og aktivitetstenesta skal tilsette vernepleiarar og sjukepleiarar i faste stillingar
Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellon anna helsehjelp, praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med hjelp og rådgjeving slik at kvar enkelt opplever tryggleik og best mogleg livskvalitet.
I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledig faste stillingar som miljøterapeutar.
Kort om stillingane
I tenesta er det seks ulike bufellesskap og eit aktivitetshus. Tenesta tilbyr avlasting for barn. I alle bufellesskapa aukar behovet for kompetanse og vi søker difor etter fleire miljøterapeutar som kan bistå tenestemottakarane våre.
Vi har behov for personell i ulike stillingsstorleikar. Stillingane inngår i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. I enkelte stillingar inngår arbeid på natt. Grunna brukarbehov er det nødvendig å tilsette menn i nokre av stillingane, i andre er det nødvendig med kvinner.
Kvalifikasjonar
Stillingane er aktuelle for vernepleiarar, sjukepleiarar og andre med høgskuleutdanning, til dømes pedagogisk utdanning.
Helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar kan vere aktuelt i enkelte av stillingane. Stillingar på helg kan høve godt for studentar som tek helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning. Dei som er i gang med utdanning bes oppgje dette i søknaden.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår
Vanlege kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Det er krav om førarkort kl. B.
Søknad
Vi tek i mot elektronisk søknad på stilling. Søknader blir vurdert ut frå opplysningar søkarane hat lagt inn i søknadsskjemaet. Attestar og vitnemål kan lastast opp i søknadsskjemaet eller takast med til intervju.
Företag
Surnadal kommuneAnsökningstiden
10.06.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Politi, brann og tollUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3772036Se här för andra jobb från Surnadal kommune
- Uppdaterad 20.05.2021