Ledigt jobb

Surnadal kommune

Faste sjukepleiestillingar i Heimetenesta

Brannvesen

I Heimetenesta har vi ledige sjukepleiestillingar, fortrinnsvis for tilsetting i fast 100% stilling.

Er du interessert i vikariat er du sjølvsagt også velkomen som søkar.

Stillingane inngår i turnus med f.t arbeid tredje kvar helg og 3 nattevakter på 6 veker.

Arbeidsoppgåver i heimesjukepleia og i Heimetenesta elles.

Arbeidsoppgåver:

  • kartlegge, planlegge og sette i verk tiltak basert på pasienten sine behov
  • utøve sjukepleie og medisinske oppfølging i direkte pasientretta arbeid
  • dokumentere tiltak og oppfølging av desse
  • tverrfagleg samarbeid
  • rettleiing av studentar, lærlingar og vikarar
  • samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre

Andre oppgåver i eininga kan bli aktuelle.

Oversjukepleiar er næraste overordna.

Kvalifikasjonar:

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader

Du må ha førarkort kl.B.

Er du nyutdanna eller i ferd med å avslutte utdanninga må du gjerne søke!

Du er:

  • fagleg trygg
  • eit positivt bidrag til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode samarbeidsevner og kan motivere andre i arbeid og endring
  • villig til og har evne til å arbeide sjølvstendig
  • god på kommunikasjon og samhandling
  • god på muntleg og skriftleg framstilling med tanke på krav til dokumentasjon
  • interessert i og motivert for å sette deg inn i og bruke velferdsteknologi

Hos oss får du:

  • opplæring og veiledning
  • godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • lønn etter gjeldande avtaeverk og kommunale tilsettingsvilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

Vi held samtalar med aktuelle søkarar.