Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
07.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6069927Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Faste helsefagarbeidarstillingar i Heimetenesta
Brannvesen
I Heimetenesta har vi ledige faste helsefagarbeidarstillingar, fortrinnsvis for tilsetting i fast 100% stilling.
Er du interessert i vikariat er du sjølvsagt også velkomen som søkar.
Stillingane inngår i turnus med arbeid f.t tredje kvar helg og arbeidsoppgåver i heimesjukepleia og elles innen tenestene vi gir.
Arbeidsoppgåver:
- pleie- og omsorgsarbeid
- respons på tryggleiksalarmar
- dokumentasjon og oppfølging av tiltak
- tverrfagleg samarbeid
- opplæring og rettleiing av elevar, lærlingar og vikarar
- samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre
Oversjukepleiar er næraste overordna.
Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:
- autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar. Andre med helsefagleg bakgrunn kan søke
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- god skriftleg og muntleg framstillingsevne og god kommunikasjonevne på norsk
- kunne bruke digitale verkty til dokumentasjon og innhenting av informasjon
- fagkompetanse og basiskompetanse som bidreg positivt til fagutvikling og arbeidsmiljø
- førarkort kl.B
- tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar og fortrinn:
Vi ønskjer oss medarbeidarar som er fagleg trygge og som har motivasjon for å lære. Vi set vilje og evne til sjølvstendig arbeid høgt og ønskjer at medarbeidarane våre er pådrivarar til utvikling og endring.
Hos oss får du:
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid
- løn etter gjeldande avtaleverk og med kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Vi held samtalar med aktuelle søkarar.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
07.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6069927Se her for andre jobber fra Surnadal kommune