Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5347591Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 07.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Faste helgestillingar, Straume bu og servicesenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Faste helgestillingar 15-20%, Straume bu og servicesenter
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Vil du jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver? Vi søkjer etter helsefagarbeidarar, assistentar , studentar og elevar under helsefagleg utdanning.
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ein flott personalgruppe som saman gjør sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ein dagavdeling og 28 omsorgsbustader. Stillingane høyrer til i bufellesskap og i omsorgsbustadane. Eit av bufellesskapa har bebuarar med vaksne utviklingshemma.
Arbeidsoppgåver:
Du må trives saman med menneske og ynskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarane
- Ivareta brukars individuelle behov
- Heilhetlig omsorg og pleie av brukarar ved senteret
- Delta i aktivitetar med brukarane. Kvar dag heile livet
- Medansvarleg for eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
- Kjenna til og etterleva gjeldande rutiner i vårt kvalitetssystem
- Veilede elevar og lærlingar
Kvalifikasjonar:
- Gyldig politiattest
Ønskjeleg med:
- Erfaring fra heimetjeneste, eldreomsorg eller bufellesskap
Personlege eigenskapar:
- Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Du har eit godt humør og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmijø
- Du er løysingsorientert
- Du engasjerer deg og er positiv i møte med både brukarar og pårørande
- Du likar nye utfordringar
Anna:
- Stillingane er ledig frå snarast
- Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik : 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn, 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn, 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn. Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt
Astrid Geitle, avdelingsleiar, 56160440/91319622
Helen Ågotnes, einingsleiar, 93093183
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5347591Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 07.09.2023