• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5932041
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Faste helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga

Pollhaugen er bustadkompleks med 9 personar som bur i eigne bustadar. Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar.

Pollhagen (Foldnes) ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter. Vi har som målsetting å bidra til at den einskilde bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvråderett og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.

Vi har no ledig 4 helgestillingar

Arbeidsoppgåver:
  • Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp
  • Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar: 
  • Fagbrev som helsefagarbeidar, men andre søkjarar vil også bli vurdert.
  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå brukargruppa
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til nytenking og utvikling av tenesta
  • Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for brukargruppa
  • Evne til å byggje relasjonar

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Anna:
  • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
  • 4. kvar helg med lange vakter inntil 13,5 timar
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Ein gjevande og meiningsfull jobb
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Stillingane er ledig frå 02.01.25

Kontakt:

Fredrik Degerman, Avdelingsleiar Pollhaugen, mobil 488 60 948 
Kristin Straume, Eningsleiar MMNF

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5932041
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune