Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.11.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5011468Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 30.08.2023
Øygarden kommune
Faste helgestillingar 15-20%, Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsefagarbeidar/sjukepleiar - vernepleiarstudent fast ca 15% - 20 % Sundheimen
Er du vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk.
Er du den nye helsefagarbeidaren/sjukepleiar-vernepleiarstudenten vår?
Vi har fått auka grunnbemanninga ved Sundheimen og har difor fleire ledige helgestillingar . Ønskjer du deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre
Sundheimen , lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar.
Arbeidsoppgåver:
- Pasientretta oppgåver i sjukeheimsavdeling
- Dagleg avdelingsarbeid
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid
- Delegert ansvar for medikamenthandtering blir vurdert
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Ønskelig med fagbrev i helsefag eller er student i helsefag/sjukepleie
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglende formell utdanning
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
Ønskjeleg med:
- Erfaring med arbeid frå sjukeheim
Personlege eigenskapar:
- Ønsker å jobbe med eldre, sjuke menneske
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysingfokusert, engasjert, kompetent, fleksibel og positiv
- Ønsker om å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheitar
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
- Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydelig
- Du er open for nye utfordringar
- Eigna for stilling
Anna:
- Dette er faste stillingar som er ledige frå snarast. Oppstart etter avtale.
- Stillingane inngår i årsplan med 16 arbeidshelger pr år. Det vil vere fortløpande tilsetjing .
Vi tilbyr:
- Fast 15- 20 % stilling. Stilling kan aukast med fleire helger om ønskeleg
- Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der vi kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56150400 /45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar : Irene Sylte Glesnes , 56160400 / 91737554 Irene.glesnes@oygarden.kommune.no
Avd.leiar: Ann- Magritt Gamlemshaug 56160400 / 97501368 ann-magritt.gamlemshaug@oygarden.kommune.no
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.11.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5011468Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 30.08.2023
-
Helsefagarbeidar 70-80% fast, Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar, 60% fast nattstilling, Sundheimen
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 75% fast, demensavdeling Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar 80% fast, Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Einingsleiar ved Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume