Ledig stilling

Vaksdal kommune

Fast stilling som styrar ved Vaksdal barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du på jakt etter nye utfordringar? Vert du motivert av utviklingsarbeid og å lage ein god kvardag for store og små?

Då vil vi gjerne ha deg som kollega!

Barnehagen er godkjend for barn 1-5 år og har tre avdelingar i trivelege lokalar med stort og flott uteområde.
Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.

Arbeidsstad

Vaksdal barnehage

Krav til kompetanse:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar
  • Stabil og påliteleg
  • Tilleggsutdanning i administrasjon og leiing, tidlegare leiarerfaringar, personlege eigenskapar og å vere skikka for stillinga vil bli vurdert ved tilsetjing.

Vi ser etter ein styrar som: 

  • Er ein tydeleg leiar som ser løysingar og vågar å gå nye vegar når det gjeld pedagogisk utvikling, ressursbruk og organisering
  • Vil utvikle barnehagen i nært samarbeid med personalet, foreldra og andre kommunale tenester
  • Kan motivere personalet i arbeidet med å skape eit godt og trygt miljø for alle
  • Er pådrivar i å utvikle barnehagen i samsvar med barnehagen si pedagogiske plattform, og med kommunalt og nasjonalt planverk
  • Har god kjennskap til HMT-arbeid og kommunale system

Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja.

Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn etter avtale

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04