• Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    05.11.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5264, GARNES
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5412588
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
  • Oppdatert 30.10.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Bergen kommune

Fast lærarstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal og vil ha ca 330 elevar skuleåret 2023/24. Det er om lag 50 tilsette på skulen. Skulen sitt leiarteam består av rektor og fire avdelingsleiarar. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Vi har både båt og kano i skulen si eige. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.

Skulen er sertifisert som Olweusskule, og har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der dei fleste elevane har bokmål som sitt hovudmål. 

På Garnes skule jobbar vi for å utvikle eit profesjonelt læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal få opplæring i tråd med læreplan og lovverk. Dei tilsette opplever eit kjekt og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik.

Skulen si hovudsatsing er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med tilpassa opplæring for alle elevar, og dei med stort læringspotensial, dei siste to åra. Vi held fram med inkluderingsarbeidet, og vil dei neste to åra samarbeide med PPT og NLA om inkluderande fagleg- og sosial opplæring  for å forebygge mot negativ åtferd. Inkludering er vår måte å arbeide med elev- og læringssynet i LK-20, elevmedverknad og aktive og motiverte elevar som får kjenne på meistring i skule og på SFO. 

Kvalifikasjoner:

  • Utdanning som kvalifiserer til fast tilsetting i barneskulen. 1-7 kompetanse vert føretrekt
  • Fagønske: Norsk, matematikk, musikk, spesialpedagogikk
  • Kompetanse i klasseleiing er ei fordel
  • Fint om du kan skrive nynorsk. Viss ikkje, er vi mange som kan bidra

Personlige egenskaper:

  • Du har eit sterkt pedagogisk engasjement der elevane si læring og trivsel er i fokus
  • Du er ein tydelig og varm vaksen
  • Du trur på at elevane gjer så godt dei kan
  • Du har kompetanse i å skape gode relasjonar til elevar, kollegaar og foreldre
  • Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
  • Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
  • Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Du er motivert for å jobbe i team på ein baseorganisert skule

Vi tilbyr:

  • Bergen kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjaver.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette 
  • Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Gode avtalar om td. boliglån i Statens Pensjonskasse
 

  • Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    05.11.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5264, GARNES
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5412588
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
  • Oppdatert 30.10.2023