Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
01.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5208476Se her for andre jobber fra Alver kommune
Alver kommune
Fast helgestilling som assistent ved Storhaugen bufellesskap
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig ei fast helgestilling i Storhaugen bufellesskap. Stillinga er på 24 %, med langvakter kvar 3. helg. Det er og ønskeleg at ein kan ta på seg vikarvakter utanom helg, i feriar o.l.
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsatt funksjonsevne. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim,ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlastning for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinator for Individuell plan.
Storhaugen bufellesskap som ligg sentralt i Knarvik, er bustaden til 7 personar med utviklingshemming og er arbeidsplassen til vernepleiarar, miljøterapeuter, hjelpepleiarar/ helsefagarbeidarar assistenter osv.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid, råd og rettleiing, samt helse – og omsorgstenester til personar med utviklingshemming.
- Legge til rette for aktivitetar og for at kvar einskilde skal kunne meistre eigen kvardag
- Følgje opp rutinar
- Dokumentere i pasientjournal
Kompetanse
- Sertifikat klasse B.
- Erfaring frå brukargruppa vil bli vektlagt
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne
- God fysisk og psykisk helse
- Engasjement til empati og til å sjå den einskilde brukar
- Evne til å prioritere i ein travel kvardag
- Ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø gjennom å vere løysingsorientert og fleksibel
- Fagleg engasjert og reflektert
- Høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Eit hyggeleg arbeidsmiljø
- Personleg og fagleg utvikling
- Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
01.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5208476Se her for andre jobber fra Alver kommune
-
Fast helgestilling som assistent ved Stallanemarka burettslag
Alver kommune
ISDALSTØ -
Helgestilling - 31 eller 22 % fast - Kvernhusmyrane Bufellesskap
Alver kommune
ISDALSTØ -
Sjukepleiar - 2x100 % fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Undervisningsinspektør - 100% fast
Alver kommune
ISDALSTØ