• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208478
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 26.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Fast helgestilling som assistent ved Stallanemarka burettslag

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ei fast helgestilling i Stallanemarka burettslag. Stillinga er på 26 %, med vakt kvar 4. helg. Helgestilling i Stallanemarka har fast mønster seinvakt fredag og langvakt laurdag og søndag Det er og  ønskeleg at ein kan ta på seg vikarvakter utanom helg, i feriar o.l.

Om Habiliteringstenesta

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsatt funksjonsevne. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim,ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlastning for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinator for Individuell plan.

Stallanemarka burettslag som ligg sentralt i Knarvik, er bustaden til 10 personar med utviklingshemming, og er arbeidsplassen til vernepleiarar, miljøterapeutar, hjelpepleiarar/ helsefagarbeidarar, assistentar o.l.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid, råd og rettleiing, samt helse – og omsorgstenester til personar med utviklingshemming.
  • Legge til rette for aktivitetar og for at kvar einskilde skal kunne meistre eigen kvardag
  • Følgje opp rutinar
  • Dokumentere i pasientjournal

Kompetanse

  • Sertifikat klasse B.
  • Erfaring frå brukargruppa vil bli vektlagt
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):

  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • God fysisk og psykisk helse
  • Engasjement til empati og til å sjå den einskilde brukar
  • Evne til å prioritere i ein travel kvardag
  • Ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø gjennom å vere løysingsorientert og fleksibel
  • Fagleg engasjert og reflektert
  • Høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon

 Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar.

 Politiattest

 I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208478
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 26.05.2023