Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Surnadal kommune

Fast 100% fagstilling ved Indre Nordmøre barneverntjeneste

Brannvesen

INDRE NORDMØRE BARNEVERNTJENESTE OMFATTAR KOMMUNANE SURNADAL, RINDAL, SUNNDAL OG TINGVOLL.

VI SØKER NY MEDARBEIDAR I FAST 100% STILLING.

 

Vertskommune for samarbeidet er Surnadal kommune.

Eininga er organisert med kontorstader både i Surnadal og Sunndal.

 

Barneverntjenesta er inndelt i tre team slik:

- Avklaring av meldingar, undersøkelse og hjelpetiltak for barn som bur heime med eit team i Sunndal og eit team i Surnadal med eigne teamleiarar

- Tilsyn-, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen

 

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling etter lov om barneverntjenester
  • Systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, også i nært samarbeid med andre instansar
  • Utstrakt kontakt med barn og foreldre, der medverknad blir lagt vekt på
  • Fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverk
  • Forberede, gjennomføre og følge opp saker i fylkesnemd og andre rettsinstansar

Vi søker deg som:

  • Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og har handlekraft
  • Som er god på kommunikasjon og har dei evnene som trengst for å få til samarbeid
  • Greier å stå i pressa situasjonar over tid og som tåler følelsesmessige belastningar over tid
  • Er trygg og tydeleg i barnevernfaglege vurderingar
  • Tenker heilheiltleg og har god evne til refleksjon
  • Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
  • Har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk

Vi legg vekt på personlege eigenskapar i vurderiinga ved tilsetting.

 

Krav til kvalifikasjonar:

Fortrinnsvis utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, evt anna relevant høgskuleutdanning.

Det er ønskeleg med relevant vidareutdanning og barnevernfagleg arbeidserfaring.

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart.

Du må disponere eigen bil

Vi kan tilby:

- Faglege utfordringar og muligheter for personleg utvikling i eit godt fagleg miljø

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

- Kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff

- Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen