Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
05.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5197567Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Familieterapeut og kontaktperson/sakshandsamar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal og Luster, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag om lag 18 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge. Me har også ansvaret for Sogn barnevernsvakt, som også dekkjer kommunane Vik og Høyanger
Sogn barnevern har ledig to 100 % faste stillingar frå snarast:
· kontaktperson / sakshandsamar
· familieterapeut - nyoppretta stilling
Om stillingane
I stillinga som sakshandsamar / kontaktperson vil du arbeide med generell sakshandsaming etter barnevernslova, og du vil få ansvar for både undersøking og oppfølging av ulike type tiltak. Sakshandsaming er organisert i to team som begge arbeider etter «generalistmodellen».
I nyoppretta 100 % stilling som familieterapeut, vil du i lag med to erfarne tiltaksarbeidarar arbeide med ulike type hjelpetiltak der din kompetanse kjem spesielt til nytte.
Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Vi er opptekne av å arbeide etter kommunen sine vedtekne verdiar: Samskapande, Open, God og Nysgjerrig (SOGN), samt bruk av nasjonalt utarbeida fagstøtte. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid. Du må rekne med ein del reising, og den som vert tilsett bør kunne disponere eigen bil.
Arbeidsoppgåver sakshandsamar / kontaktperson:
Sakshandsaming etter barnevernslova;
- undersøking og utgreiing av barns omsorgssituasjon
- iverksetting og oppfølging av tiltak
- følge opp barn som bor utafor heimen, fosterforeldre og biologiske foreldre
- bidra til å skape godt samarbeid mellom tenester og rundt barn
- bidra i tenesta og kommunen sitt utviklingsarbeid
Arbeidsoppgåver familieterapeut:
- arbeide med systematiske intensive endringstiltak i familiar
- bidra i kartlegging av omsorgssituasjonen til barn og unge
- styrke foreldreferdigheiter og auke beskyttelsesfaktorar i familiane, samt redusere risikofaktorar
- utarbeide rapportar og samspels-observasjonar
- samarbeide med andre instansar
- aktivt samarbeid med familiane der det vert forventa at ein arbeider ein heimebasert, og at noko ettermiddagsarbeid såleis må påreknast
Kvalifikasjonar:
- minimum barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant høgskuleutdanning
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- erfaring frå kommunalt barnevern/tilgrensande tenester
- erfaring frå sakshandsaming og terapeutisk tiltaksarbeid
- kompetanse innanfor rettleiing og foreldrestøttande program
- for begge stillingane er det eit ynskje med masterutdanning innan barnevern eller relevant fagkrets, eventuell anna vidareutdanning innafor fagområdet
- for stillinga som familieterapeut ynskjer me primært søkjarar som er utdanna familieterapeut
- søkjarar med utdanning i kognitiv terapi, eller anna relevant terapeutisk vidareutdanning vil også bli vurdert
- bilsertifikat
Personlege eigenskapar:
Me søkjer fagleg engasjerte personar som likar å jobbe sjølvstendig og saman med andre. Du må vere ansvarsbevisst, kunne ta eigne initiativ og vere lydhøyr. Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen, ha gode haldningar og sjå verdien av tverrfagleg samhandling. Du er lojal, fleksibel, sjølvstendig, målretta og analytisk.
Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga.
Me tilbyr:
- ein spanande jobb med spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med å kvalitetsutvikla tenestene våre
- eit særs godt arbeidsmiljø med fagleg flinke kollegaer
- ei barnevernsteneste som har stort fokus på fagutvikling og rolla vår som barnevernsarbeidarar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- gode velferdsordningar
- løn etter avtaleverket
Spesielle vilkår for stillinga:
- det vert stilt krav om politiattest av nyare dato
- søkjar må kunne stille med eigen bil i tenesta
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktperson for stillinga er: tenesteleiar og barnevernsleiar Hadle Blikra, tlf. 97 77 46 58, e-post: hadle.blikra@sogndal.kommune.no
Søknadsfrist: 5. juni 2023
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
05.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5197567Se her for andre jobber fra Sogndal kommune