• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    11.08.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5828964
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 27.07.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Familieterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Sogn barnevern er det ledig ein 100% stilling som familieterapeut i tiltaksteamet.

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal og Luster, med hovudkontor i Sogndal. Tenesta har i dag omlag 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta og metodisk rettleiing og endringsarbeid i familiar retta mot å styrke foreldrekompetanse, samspelskompetanse, samt styrke barn og unges ferdigheiter på ulike områder.
  • Du vil jobbe etter mandat frå barnevernet.
  • Samarbeid med barn/ungdom, foreldre, nettverk og øvrige instansar internt og eksternt.
  • Delta i tverrfaglege samarbeidsmøte.
  • Delta i kvalitetsutvikling i tenesta.
  • Dokumentere arbeidet etter gitte føringar i fagsystemet Visma

 

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig sosialfagleg utdanning, barnevernpedagog, sosionom eller annan relevant 3-årig høgskule/universitetsutdanning, fortrinnsvis med klinisk vidareutdanning i familieterapi. Kravet om vidareutdanning kan kompenserast med betydeleg erfaring med familiearbeid og endringsarbeid med ungdom og foreldre.
  • Erfaring med barnevern og familierettleiingsfeltet
  • Erfaring frå terapeutisk endringsarbeid vert vektlagt.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
  • Førarkort klasse B.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du kan jobbe strukturert, sjølvstendig og har gode vurderings – og gjennomføringsevner.
  • Du kan bygge gode arbeidsallianser med barn, unge og familiar, og bruke den til å jobbe målretta.
  • Du har engasjement i ditt arbeid med familiar, og har evne til å vise omsorg og varme.
  • Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen, ha gode haldningar og sjå verdien av tverrfagleg samhandling. Du har eit høgt engasjement og ønsker faglege utfordringar.
  • Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga.
  • Stillinga stiller store krav til fleksibilitet og omstillingsevne

 

Spesielle vilkår for stillinga:

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
  • Søkjar må kunne stille med eigen bil i tenesta.

 

Me tilbyr:

  • Et inkluderande, støttande og engasjert og utviklingsorientert abeidsmiljø.  
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Vi er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid.

Som tilsett i Sogn barnevern må du rekne med ein del reising, og den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil ved tenestereiser.

 

Søknadar må leverast innan søknadsfristen 11.august og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    11.08.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5828964
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 27.07.2024