Detaljer

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2020
  • Sted:
    LANGEVÅG
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    LANGEVÅG
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3288724
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune

Familierettleiar i barneverntenesta

Tiltakseining for barn og unge (TBU) - fagområde barnevern - søker ny kollega til 100 % fast stilling som familierettleiar, frå medio februar 2021.

TBU er ei tverrfagleg eining som gir tilbod om tenester til barn, unge og familiar i Sula kommune. Eininga består av barnevern, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og helsestasjon. Kvart fagområde har eigen fagleiar og eininga har einingsleiar. 

Barnevern har i dag 9.25 årsverk, inkludert 1.00 årsverk merkantil medarbeidar. Fagområdet er inndelt i undersøkings-, tiltaks- og omsorgsteam.

Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Arbeidsoppgåver
Rettleie og styrke foreldrekompetanse, samspel og kommunikasjon i familien.
Samarbeid med instansar rundt barnet / familien.     
Delta og leie ulike gruppetilbod for barn, ungdom og foreldre.
I perioder vil det kunne forekome arbeid utanom ordinær arbeidstid.
Kvalifikasjonar

Barnevern- eller sosialfagleg utdanning eller tilsvarende frå universitet/ høgskule.
Vidareutdanning i familie-/miljøterapi.
Sertifisering/kurs innan til dømes MIM, COS-p, PMTO, MST, barnesamtalen, barn og unges psykiske helse, konflikthandtering.  
Anna relevant utdanning kan kome i betraktning.
Erfaring frå endringsarbeid i familiar.
Praksis frå liknande arbeid er ønskjeleg.
Den som blir tilsett må disponere bil og kunne nytte fleksitidsordninga til det beste for barn, ungdom og familiar.

Personlege eigenskapar vil bli vurdert særskilt og utgjere ein viktig faktor for tilsettinga.

Personlege eigenskapar
Du er fagleg trygg, sjølvstendig, tydeleg og fleksibel
Du er strukturert og målretta
Du har god norsk munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
Du har gode samarbeidsevner
Du har sans for humor og uforutsigbare kvardagar
Vi tilbyr
Eit motiverande og godt arbeidsmiljø
Faglege utfordringar
Fleksitidsordning  
Lønns- og arbeidsvilkår vil bli vurdert opp mot relevant utdanning