Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.11.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4851341Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 03.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Familierettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord barnevern har per i dag 26,2 stillingsheimlar, og er delt i 4 ulike team: mottak- og undersøking-, oppfølging-, omsorg- og familie-team. Familieteamet jobbar saman med familiar som ønsker hjelpetiltak.
Vi har ledig:- 100 % fast rettleiarstilling i familieteamet
Familieteamet har fem stillingsheimlar, der ein er teamleiar.
Familierettleiarane har opplæring i ulike rettleiingsverktøy. Arbeidet vert gjennomført gjennom samtalar /rettleiing på kontoret og heimebesøk. Familierettleiar jobbar sjølvstendig i familiane, men har tett samarbeid med resten av teamet, og teamet får jamleg rettleiing frå psykologspesialist.
Arbeidsoppgåver:- jobbe ut frå målsettingane som familiane og barnevernet utarbeidar saman
- arbeide med systematiske og intensive endringstiltak i familiar
- foreldrefokusert endringsarbeid
- samspelsobservasjonar i det kliniske arbeidet
- rettleiing ved bruk av video
- samarbeide med andre instansar
- utarbeide rapportar
- barnevernpedagog, sosionom, psykiatrisk sjukepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
- søkarar bør ha minst 3 års erfaring frå barnevernet og/eller tiltaksarbeid
- relevante vidareutdanningar kan vere; familieterapi, sped- og småbarn psykisk helse, psykososialt arbeid med barn og unge 0-18 år.
- relevante metodar kan vere; Marte Meo, COS, tuning in to kids/Teens, triangulerte samtalar, video intervention therapy, motiverande intervju
- du må evne å bruke din erfaringsbaserte kunnskap og metodikk i samspel med brukarane sine ønske og behov.
Vi kan vurdere å tilsette nokon utan relevant metodeopplæring. Vedkommande må då forplikte seg til å delta i eit opplæringsforløp med tilpassa bindingstid.
Vi søker deg som:- har evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt vise initiativ
- viser fleksibilitet, kreativitet og har gode samarbeidsevne
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- er strukturert og har stor arbeidskapasitet
- er positiv og tolmodig i samarbeid med foreldre som er i ein vanskeleg situasjon
- rettleiing saman med teamet
- teammøte kvar veke med felles saksrettleiing
- fagutvikling og vidareutdanning
- rekruttering og stabiliseringstillegg
- pensjonsordning i KLP
Godkjent politiattest må leverast før start i stilling.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.11.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4851341Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 03.11.2022