• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    04.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4700685
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 27.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Fagutviklingssjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio-/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Om stillinga

Sogndal helse og omsorgssenter har ledig følgjande stilling:

100% fagutviklingssjukepleiar fast dagtid. Moglegheit for jobb kvar 6.helg, kan tilpassast og drøftast ved tilsetting.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra med fagutvikling, rettleiing og kvalitetsforbetring på sjukeheim
  • Ansvarleg for oppdateringar inn i kvalitetssystemet
  • Legge til rette for internundervisning
  • Samarbeid med tilsvarande einingar i kommunen
  • Sikre kvalitet i den direkte tenesteytinga
  • Fremme trivsel og godt arbeidsmiljø
  • Direkte pasientretta arbeid
  • Fagsjukepleiar jobbar tett med avdelingsleiar og tenesteleiar
  • Skrive søknadar for aktuelle prosjektmidler samt være med å leie prosjektarbeid

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Kjennskap og erfaring frå kvalitetssystem er ein fordel.
  • Erfaring og praksis frå fagfeltet

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Evne og interesse for å veilede samt undervise
  • Evne å arbeide strukturert og ha mange ballar i lufta
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Varierande arbeidsoppgåver

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    04.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4700685
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 27.08.2022