• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    07.10.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6376963
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
Vacancy

Aukra kommune

Fagutviklingssjukepleiar - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye medarbeidar? Aukra kommune søker fagutviklingssjukepleiar i fast 100% stilling ved Aukra Omsorgssenter.

Stillinga som fagutviklingsjukepleiar  skal styrke fagutvikling og sikre kvalitet og kompetanseheving. I tillegg til sjukepleiar i avdeling skal delar av stillinga arbeide med oppgåver som legg til rette og sikrar kvalitet- og kompetanseheving. Stillinga skal  bidra til å:

  • ivareta og vidareutvikle faglege rutinar og prosedyrar
  • vere ein ressurs i rettleiing og undervisning av tilsette og studentar
  • støtte arbeidet med pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring
  • bidra til rekruttering og stabilisering gjennom eit tydeleg fagleg fokus
  • styrke samarbeidet mellom sjukepleiarar på institusjon og heimesjukepleie gjennom felles fagutviklingstiltak og kunnskapsdeling

Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen. Ferga er gratis og turen tek om lag 10 minutt frå fastlandet. Institusjonen har tre avdelingar og totalt 30 plassar; skjerma avdeling, korttids- og avlastningsavdeling, samt langtidsavdeling. Omsorgssenteret inneheld `og 20 heildøgns omsorgsbustadar og base for heimesjukepleie.

Gruppa med sjukepleiarar utgjer eit sterkt fagmiljø med ulike kompetansar, og det er tett samarbeid med heimesjukepleie. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege.

Alternative turnusplanar er godt innarbeidd og går over 12 veker. Du kan sjølv velgje mellom langvakter på helg og vanlege vakter, eller ein kombinasjon av dette. Turnusplanar er i stor grad individuelt tilpassa.

Kvalifikasjonar 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring med utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring er en fordel
  • God i norsk munnleg og skriftleg
  • Interesse for teknologi i helse

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert med interesse for geriatri
  • Strukturert, løysingsorientert, nytenkande
  • Relasjonsbyggar
  • Interesse for fagutvikling
  • Utvikle og prioritere
  • Personleg eigna 

Aukra kommune tilbyr 

  • Løn etter avtale
  • Akuttmedisinsk kurs grunna drift av legevaktsatelitt
  • Støtte til vidareutdanning jfr. Kompetanseplana
  • Nytt omsorgssenter med moderne fasilitetar og teknologi 

Anna

Aukra Omsorgssenter ligg på øya Gossen i Aukra kommune. På Gossen er det mange fine turstiar og flott natur. Vi har nytt kulturhus med tilbod om konsertar, kino, svømmebasseng og bibliotek. 

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste 

Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

 

 

 

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    07.10.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6376963
  • Look here for other jobs from Aukra kommune