Företag
Hardangerbadet ASAnsökningstiden
17.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Bade- og svømmeanleggUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5610, ØYSTESE
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6642835Se här för andra jobb från Hardangerbadet AS
Frågor riktas till
Natalie Nisamjan
tlf: 46701430
Hardangerbadet AS
Fagleiar bad - Hardangerbadet
Fagleiar bad - HardangerbadetBade- og svømmeanlegg
Vil du vere med og utvikle eitt av Vestlandets flottaste badeanlegg?
Hardangerbadet søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst fagleiar bad til ei nyoppretta nøkkelstilling. Me ser etter deg som vil vere med å sikre trygge, gode og minnerike opplevingar for gjestene våre. Du må trivast i eit aktivt miljø med høgt fokus på tryggleik, kvalitet og samarbeid.
Som fagleiar bad får du ei sentral rolle i den daglege drifta av badeanlegget. Du vil kombinere operativt arbeid i publikumstida med ansvar for opplæring, fagleg oppfølging og utvikling av gode rutinar innan tryggleik og drift. Stillinga skal bidra til å styrkje den faglege kvaliteten i badeavdelinga og vere ei viktig støtte for både medarbeidarar og leiing.
Du vil vere ein synleg og aktiv del av kvardagen i Hardangerbadet, arbeide tett saman med kollegaer og gjester, og bidra til at anlegget held høg standard innan sikkerheit, service og drift.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
Arbeidsoppgåver Operativ drift
- Delta aktivt i den daglege drifta av badeanlegget
- Badevert- og badevertoppgåver
- Bidra til god gjesteoppleving gjennom tilstedeværelse, høg fagleg standard og god service
- Sikre trygg og effektiv drift i publikumstida
- Delta i turnusarbeid med dag-, kvelds- og helgevakter
Fagleg ansvar
- Vere fagleg støtte for badevertar og instruktørar
- Planleggje og gjennomføre opplæring av nye medarbeidarar
- Sikre til at rutinar for tryggleik, beredskap og HMS vert følgde
- Planleggje og gjennomføre redningsøvingar og beredskapstrening
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp prosedyrar og kvalitetssystem
- Medverke til etterleving av gjeldande regelverk og kvalitetskrav
Utvikling og samarbeid
- Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Vere ein pådrivar for god tryggleikskultur og fagleg utvikling
- Samarbeide tett med kollegaer og leiing for å vidareutvikle tilbodet ved Hardangerbadet
Kven er du?
For oss er personlege eigenskapar vel så viktige som erfaring og formell kompetanse.
Me ser etter deg som:
- Er trygg, ansvarsfull og påliteleg
- Har stor interesse for på tryggleik og kvalitet
- Er positiv, serviceinnstilt og glad i å arbeide med menneske
- Kommuniserer godt og samarbeider lett med andre
- Tek initiativ og ser kva som må gjerast
- Er strukturert, kvalitetsbevisst og løysingsorientert
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og motiverer menneska rundt deg
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har erfaring frå servicearbeid, idrett, badeanlegg, undervisning eller liknande, men dette er ikkje eit krav.
Du må:
- Vere symjedyktig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, gjerne nynorsk
- Gjennomføre nødvendig opplæring og sertifisering
- God digital kompetanse
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Me tilbyr
- Ei spennande og variert stilling i eit moderne badeanlegg
- Moglegheit til å vere med og forme ei ny rolle i organisasjonen
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver med fokus på tryggleik, aktivitet og folkehelse
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Løn etter avtale
- Gode forsikringsordningar
Om stillinga
- Fast stilling i 100 %
- Turnusarbeid med dag-, kveld- og helgevakter
- Arbeidsstad: Hardangerbadet, Øystese
- Tiltreding etter avtale
Om Hardangerbadet
Hardangerbadet er eit regionalt aktivitetssenter i hjartet av Hardanger. Me tilbyr badeopplevingar, trening, helse- og rehabiliteringstenester for både lokale innbyggjarar og tilreisande. Vår visjon er å skape aktivitet, helse og opplevingar for alle.
Vil du vere med på laget?
Stillinga omfattar oppgåver i kjønnsdelte garderobeområde, og mannlege søkjarar vert oppmoda til å søkje.
Arbeidsstad: Øystese, Kvam Herad
For spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar ved Hardangerbadet.
E-post: natalie@hardangerbadet.no, telefon: 98895013.
Velkomen som søkjar til Hardangerbadet -- der aktivitet, helse og opplevingar møtest. 🌊🏊♀️
Kontaktperson for stillinga: Natalie Nisamjan, dagleg leiar, 988 95 013 // natalie@hardangerbadet.no
Företag
Hardangerbadet ASAnsökningstiden
17.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Bade- og svømmeanleggUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5610, ØYSTESE
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6642835Se här för andra jobb från Hardangerbadet AS
Frågor riktas till
Natalie Nisamjan
tlf: 46701430
-
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
RONG -
Hardanger og Voss museum søkjer avdelingsleiar til Kunsthuset Kabuso
Stiftinga Hardanger og Voss museum AS
UTNE -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal -
Vikariat; 60% stilling som barnehagelærar
Sogndal kommune
SOGNDAL