Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
07.11.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4155515Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 14.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Fagleiar arkiv
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Arkivtenestene våre er ein viktig del av støttefunksjonane vi leverer, både for interne brukarar, innbyggjarane og for offentlegheita.
I tillegg til daglege oppgåver knytt til arkiv både elektronisk og i papirform, vil du få ansvaret for å leie arbeidet med system, strategi og utvikling på området. Politisk møtesekretariat vil og vere ein del av arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga. Kjennskap til relevante lover og forskrifter for både arkiv, dokumenthandtering og folkevalde er difor ønskjeleg.
Effektivisering gjennom digitalisering av tenestene er viktige fokusområde, og der håper vi at vår nye kollega ser moglegheiter og utviklingspotensiale saman med oss.
Arbeidsoppgåver
- Alle oppgåver i dagleg handtering av post- og arkivfunksjonen
- Kvalitetssikring av informasjon i sak-/arkivsystemet
- Utarbeiding av rutinar og ansvar for arkivplan
- Opplæring og bistand til interne brukarar av sak-/arkivsystemet
- Utviklings- og forbetringsarbeid
- Oppgåver i politisk sekretariat
- Betjening av sentralbord i ein liten del av stillinga
Kvalifikasjonar
- Formell arkivkompetanse. Lang erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring frå arbeid med arkiv i offentleg sektor er ønskjeleg
- Kjennskap til relevant lovverk er ein føremonn; Arkivlova med forskrifter, Offentleglova, Forvaltningslova og Personopplysningslova
- Gode IT-kunnskapar og gjerne kjennskap til elektroniske sak-/arkivsystem
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Serviceinnstilt, løysings- og utviklingsorientert
- Samarbeidsvillig, positiv og fleksibel
Personleg egnethet blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med spanande oppgåver
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggast fram før ein startar i stillinga.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil vite meir om kva vi jobbar med? Vi ser fram til å høyre frå deg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
07.11.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4155515Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 14.10.2021