• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943631
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 14.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Fagarbeidarar / assistentar - Vikarpool barnehage

Offentlig forvaltning

Me søkjer assistentar og fagarbeidarar til vår vikarpool for barnehagane i Ål kommune. Det inneber at du får tilbod om å jobbe i den barnehagen der du trengst mest, kor du vil få ein unik erfaring frå fleire arbeidsplassar, bidra til barns utvikling og ha varierte arbeidsdagar. Me vil ha eit særskilt fokus på å byggje opp din kompetanse med god oppfølging og opplæring. Me vil tilpasse stillingsstorleiken etter ditt behov. 

Dei 5 kommunale barnehagane i Ål er lokalisert både i sentrum og ute i grendene og varierer i storleik. Her set me leik, læring, samspel, meistring og medverknad i fokus, kor personalet arbeidar tett på barna.

Arbeidsoppgåver

  • du tek del i dei daglege rutinane og aktivitetane på avdelingane med barn, tilsette og i møte med foreldre
  • du deltek på personalmøte og avdelingsmøte

Kvalifikasjonar

  • me ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
  • me ynskjer og deg som ikkje har fagbrev eller tidlegare erfaring frå yrket, men som har lyst til å lære og få erfaring innanfor barnehage

Eigenskapar

  • har eit brennande engasjement for å jobbe med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • barnehagar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • store og varierte uteområde med gode turalternativ i nærmiljøet
  • stillingsprosent kan tilpassast ditt behov
  • engasjerte vaksne, barn og føresette
  • opplæring og oppfølging
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP

Løn og vilkår

Løn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Attesten skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. 

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema. 

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943631
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 14.01.2023