• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    09.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9180, SKJERVØY
    SKJERVØY
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3961279
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 09.08.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Fagarbeidar Vedlikehaldslag Troms og Finnmark

Offentlige tjenester og forvaltning

Er du ein allsidig fagarbeidar med fagbrev og båtførarkunnskap som vil arbeide på Vedlikehaldslag Troms og Finnmark i Kystverket si avdeling for reiarlag, fyr og sjømerking?

Kystverket søkjer etter fagarbeidar med fagbrev til allsidige og sjølvstendige oppdrag innan vedlikehald, drift, nybygg og tilsyn på navigasjonsinstallasjonar. Vi søkjer ein fagarbeidar med allsidig bakgrunn som har erfaring og innsikt innan ulike handverksfag.

Arbeidsområdet til vedlikehaldslaget strekk seg frå Harstad i sør til russegrensa i Østfinnmark. Vedlikehaldslaget består til vanleg av 2-3 fagarbeidarar samansett innan ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige oppdrag innan vedlikehald og drift. Vedlikehaldslag Troms og Finnmark har oppmøtestad på Skjervøy og i periodar direkte på oppdragsstad. Oppmøtestad for denne stillinga er for tida Skjervøy. Det kan bli mogleg med byte av oppmøtestad. Vedlikehaldslaga har base på land og tek seg fram i arbeidsbåt eller bil. Ein må pårekne å vere heimanfrå heile arbeidsperioden, vanligvis 3 veker. Vedlikehaldslaga har arbeidstidsordning etter eigen særavtale, med om lag 28 veker arbeid/kurs i året. Det er sett opp årleg plan for arbeids- og friperioder.

Kvalifikasjoner:

Nødvendig:

  • Fagbrev innan bygg eller handverk t.d. tømrar/snekkerfag, maskin/mekanikar, eller tilsvarande
  • Søkjar må ha gyldig helsesattest for sjøfolk før ein startar i arbeidet
  • Må kunne arbeide og klatre sikkert i høgda 
  • Vere god båtførar og kunne navigere i mørket
  • Førarkort kl. B er nødvendig, og kl. BE er ynskjeleg
  • Beherske bruk av IT-verktøy og dokumentere eige arbeid

Ynskjeleg:

  • Erfaring og/eller utdanning frå fleire handverksfag er ynskjeleg (t.d. maskin/motor, snekkar, elektro)
  • Sertifikat D6 for båtar under 15 meter
  • SRC/VHF - sertifikat og sikkerhetskurs for mindre fartøy

Personlige egenskaper:

  • Allsidig og sjølvstendig, men også lagspelar
  • Løysingsorientert og samarbeidsvilleg
  • Gode haldningar til faglege standardar, HMS, samt etiske retningslinjer
  • Sosial og omgjengeleg, og ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg

Vi tilbyr:

  • Stillinga er i dag plassert i stillingskode 1203, fagarbeidar, ltr. 46-50, årslønn  kr 431 900 - kr 461 300. Tillegg etter Hovedtariffavtalen utgjer ca kr 14.000 pr år. Kostgodtgjersle vert utbetalt pr arbeidsdag med kr. 380
  • Kystverket har særavtale for vedlikehaldslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med arbeidsperiodar og friperiodar. Særavtalen er for tida under reforhandling 
  • Refusjon av reisekostnader til/frå oppmøtestad ved arbeidsperioder
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gunstige vilkår
  • Ein må pårekne å delta på fagleg oppdatering og relevante kurs innan vedlikehaldslaget sitt fagfelt
  • Kystverket er tilknytt bedriftshelseteneste

Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søker som informerer om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det. 

 

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    09.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9180, SKJERVØY
    SKJERVØY
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3961279
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 09.08.2021