Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.09.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
5855577Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 23.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Fagarbeidar og barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å bidra til glede og tryggleik i Strandebarm barnehage?
Me har ledige stillingar frå september:
70% fagarbeidar frå 15.09.24 - 12.01.25 (Kan bli utvida til 100%)
30% pedagog frå 15.09.24 - 12.01.25
40% fagarbeidar frå 15.09.24 - 31.07.25
Strandebarm barnehage er ein fire avdelings barnehage som har fokus på leikande vaksne og leikemiljø.
Me søkjer barne- og ungdomsarbeidarar og barnehagelærar som likar å laga gode kvardagar saman med små born. Me har behov for deg som er god på relasjonar og som er glad i å gje born gylne augneblink. Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling.
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: Barnehagar i kvam herad
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
- Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
- Vera ein trygg vaksen
- Tilretteleggja for leik og læring
- Delta i og skapa kvalitet i rutinesituasjonar
- Delta i og utvikla barnehagen
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til og ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, men er og interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk. Andre med relevant utdanning og/eller erfaring frå arbeid i barnehage kan søkja
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du har godt humør og positiv innstilling
- Fagleg oppdatert
- Deg som er leiken og evnar å inspirera og engasjera born
- Møter born, kollega og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.09.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
5855577Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 23.08.2024