Ledig stilling

Ål Kommune

Fagarbeidar / miljørettleiar / miljøterapeut

Offentlig forvaltning

Skulane i Ål har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.  

Frå 01.08.25 treng vi fagarbeidarar, miljørettleiarar og miljøterapeutar 1.-7. trinn, til både faste og mellombelse stillingar, fordelt på 2 skular;

  • Nordbygdene skule
  • Nedre-Ål skule

Fagarbeidar:

Vi treng medarbeidarar som kan

  • følge opp enkeltelevar med helseutfordringar og ulike diagnosar
  • følgje opp enkeltelevar som treng ekstra støtte i skulekvardagen
  • arbeide ved skulefritidsordning, både morgon og ettermiddag
  • arbeide for godt skulemiljø i eit gruppeperspektiv

Miljøretleiar: 

Vi treng medarbeidarar som kan

  • følgje opp enkeltelevar som treng ekstra støtte i skulekvardagen
  • følgje opp grupper av elevar
  • vera støtte i undervisning og eventuelt SFO
  • arbeide for godt skulemiljø i eit gruppeperspektiv

Miljøterapeut: 

Vi treng medarbeidarar som kan

  • følge opp enkeltelevar med helseutfordringar og ulike diagnosar

Kvalifikasjonar: 

Fagarbeidar:

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar, eller tilsvarande kompetanse/erfaring
  • ønskeleg med kompetanse, interesse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge

Miljørettleiar:

  • relevant bachelor, t.d. vernepleie, barnevern, sosialt arbeid, eller tilsvarande høgskuleutdanning
  • ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte

Miljøterapeut:

  • bachelor i vernepleie eller tilsvarande høgskuleutdanning
  • ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte

For alle stillingane - personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer deg som

  • har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge
  • har evne til å skape gode relasjonar og godt samarbeid, både med enkeltelevar, føresette og kollegaer
  • har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap
  • kan vera både tydeleg og omsorgsfull i møte med elevane
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
  • har godt humør og pågangsmot
  • ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Merk at stilling i oppvekstsektoren kan kombinerast med stilling ved miljøterapitenesta.

Vi tilbyr:

  • ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
  • varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • veiledning
  • engasjerte vaksne og barn
  • pensjonsordning i KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

 Søknad og politiattest:

  • Oppgje i søknaden:
  1. kva stilling du søkjer på
  2. kor stor stilling du ønskjer
  3. om du er interessert i kombinert stilling oppvekst-miljøterapitenesta
  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!