Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
21.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5950643Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Fagarbeidar barne- og ungdomsarbeiderfaget
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Arbeid med barn i grupper eller inn mot einskildbarn med særskilde behov for oppfølging og støtte.
Rørstadmarka skule/SFO søkjer etter fagarbeidar innan barne-og ungdomsarbeidarfaget i eit 70% vikariat. Vi søkjer deg som har ønskje og evne, til å bidra til at barn i skule og SFO opplever kvardagen sin som trygg og meiningsfull.
Stillingsprosent:
70% vikariat fom 1.1.25 – 31.12.2025, med høve til å få forlenge arbeidsforholdet.
Vi søkjer deg som viser arbeidsglede ved å ha hjarte for barn med ulike utfordringar, samtidig som du er ein autoritativ vaksen.
Stillinga er fordelt med 38% i SFO og 32% i skule. Turnus er lagt opp slik at ein kan kombinere stillinga med å vere tilkallingsvikar om ein ønsker å jobbe meir enn 70%. Turnusen er også lagt opp slik at ein har større fleksibilitet i skulefrie periodar.
Rørstadmarka skule/SFO vart opna hausten 2022 og ligg flott plassert på midtre del av Sula kommune. Skulebygget og uteområdet vårt byr på gode lære- og leiketilhøve og med nærleik til vatn, skog og fjell, har vi høve til å legge opp til varierte arbeidsformer, både i skule og SFO.
Skulen vår har 213 elevar og 37 tilsette. I SFO har vi vel 90 barn og 10 tilsette. Vi har eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med god alders- og kjønnsfordeling. Vi arbeider etter visjonen vår "Ved Rørstadmarka skule har vi rom for alle og auge for den enkelte, vi arbeider saman om trivsel, meistring og læring". Ved å nytte fleksibiliteten vi har i skule- og uterom legg vi opp til at slagordet vårt; "leik og læring dag for dag", får leve i praksis.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har eigne læringsbrett som digitalt verktøy. I lag med fysiske bøker gir dette oss godt høve til variasjon i arbeidsmåtar.
Kvalifikasjoner:
* Fagarbeidar i barn og ungdomsarbeiderfaget. Annan relevant kompetanse eller erfaring innan nevroutviklingsforstyrringar kan kompensere for manglande fagbrev.* Erfaring frå arbeid med autismespektervanskar og andre nevroutviklingsforstyrringar.
* Ønskeleg med søkjarar som har erfaring frå arbeid innan skule og SFO.
* Har god klasseleiing.
* Gode IT kunnskapar.
* Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
* Erfaring med alternativ supplerende kommunikasjon som ASK, PODD TD-snap osv.
* Gode ferdigheiter i norsk, munnleg og skriftleg.
* Politiattest må framlegges før tiltredelse.
Personlige egenskaper:
Vi ønskjer at du som skal arbeide i lag med oss har/er:* tydeleg, aktivt tilstades og engasjert vaksen i samspel med barn, foreldre og andre tilsette.
* ein trygg med evne til å skape gode relasjonar med elevar og tilsette.
* initiativrik og kan legge til rette for aktivitetar ute og inne
* hjelpsam, ein lagspelar og god på samarbeid
* gode samarbeidsevner, være fleksibel og løsingsorientert, og med vilje til endring og til å møte nye utfordringar, vere villeg til å ta imot rettleiing og å bidra med din kompetanse.
* løysingsorientert og reflektert over eigen praksis
* behalde ro i utfordrande situasjonar
* raus, fleksibel og med godt humør
* bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
* varierte, spennande og utfordrande arbeidsoppgåver* eit godt miljø å bygge erfaringar i
* ein hektisk og variert kvardag
* rettleiing og oppfølging
* 37 inkluderande og engasjerte tilsette
* 213 glitrande elevar
* ein turnus som gir høve til fridagar i skulefrie periodar.
* IA-bedrift
* nytt og flott skulebygg med gratis parkering
* løn og tilsettingsvilkår i samsvar med lov. føreskrifter og regulativ
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
21.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5950643Se her for andre jobber fra Sula kommune
-
Fagarbeidar/assistent ved Askvoll skule - 50% mellombels stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Undervisningsstillingar ved Askvoll skule
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES -
Undervisningsstilling ved Askvoll skule - 100% mellombels stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Tilkallingsvikar skuleåret 2024/2025 Langevåg skule og SFO
Sula kommune
LANGEVÅG