Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
13.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5831017Se her for andre jobber fra Bergen kommune
- Oppdatert 31.07.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Bergen kommune
Fagarbeidar /assistent Ytre Arna skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli med oss i team YA?
Vi har ledig eit vikariat på SFO for hausten 2024 (ca 40% stilling ettermiddag), samt behov for ringevikarar for både skule og SFO (100% stillingar etter behov).
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar. Rundt 90 av elevane våre har plass på SFO, som er delt inn i tre grupper.
Skulens visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.
Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.
SFO si hovedsatsning er «Saman i vennskap, lek og læring». Vi ønsker trygge, varme, kreative og initiativrike medarbeidarar som har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Behov for snarlig oppstart, og tilsetjing vil skje så snart som mogeleg.
Kvalifikasjoner:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskeleg.
Erfaring med arbeid i SFO /skule er ein fordel.
Kompetanse innanfor friluftsliv, idrett, musikk eller forming er ein fordel.
Kompetanse i fleire språk er ein fordel.
God kompetanse i norsk er eit krav.
Gyldig politiattest er eit krav.
Personlige egenskaper:
Du er ein trygg, tydeleg og varm voksen som ser, høyrer og forstår elevaneDu møter alle elever, kollegaer og foreldre med respekt og forståing.
Du har gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team.
Du er faglig engasjert, fleksibel og løysningsorientert.
Du er ansvarsbevisst og strukturert.
Du er glad i å være ute.
Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
IA-bedrift og gode velferdsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk
Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
13.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5831017Se her for andre jobber fra Bergen kommune
- Oppdatert 31.07.2024